tirsdag 23. desember 2008

Metakognisjon kring blogging

No er det snart jul, og første semester er over for A1. Blogging har vore eit fast innslag i pedagogikkfaget denne hausten. For meg var dette noko eg aldri hadde prøvd ut før.
I starten syntest eg det var vanskeleg å skrive blogginnlegg, men etter som vekene gjekk, fekk eg det meir ”under huda”. Etter kvart har blogginga blitt ein viktig del av læringsprosessen min i pedagogikk. Eg har lært mykje av å skrive innlegg sjølve, kommentarar eg har fått, og ved å lese andre sine bloggar.

Å skrive blogg er for meg ei repetering av det me har vore gjennom av fagstoff. Eg får bearbeida stoffet, og gjort det om til mine eigne ord. Det er emne i pedagogikk som eg synest er vanskeleg å få tak i. Alt er ikkje like enkelt. Bloggen har då vore eit godt hjelpemiddel for meg, ved at ein blir utfordra til å skrive sine tankar om desse emna. På grunn av at eg må skrive bloggen, trur eg at eg tenkjer meir over emnet eg skal skrive om, og då går det nokre gonger opp eit lys for meg.

I tillegg til å skrive eigne blogginnlegg, har me også kommentert andre sine bloggar. Å kommentere er vanskeleg! Eg merkar at eg ikkje er god på dette, og treng trening. Eg synest at å kommentere bloggane til medelevane er ein god måte å trene på. Å kunne gi gode tilbakemeldingar er viktig for ein potensiell lærar, og øving gjer meister.

Eg synest blogginga har fungert bra, og at det har vore greit med ein bestemd blogg ein skal kommentera kvar veke. Synest at emnet me kan skrive om kvar veke, er ope nok. Nokon vil kanskje ha meir fridom rundt kva dei kan skrive om, men for meg er det mest naturleg og relevant, å skrive om noko innanfor det emnet me tek føre oss.

søndag 30. november 2008

Ulike intelligensar

I ein skulesamanheng, der barn er samla for å lære, er det lett å sjå skilnader i kva dei kan. Ulike barn er flinke på ulike områder. Ein er sjeldan flink i alt.

Howard Gardner meinar å ha funne minst 10 ulike intelligensar som menneska har. Han meinar at alle er fødde med alle typane, men at me utviklar, og nyttar dei i ulik grad. 7 av desse intelligenstypane er allmennt godkjendt. Forklarar kort kva dei ulike går ut på:

1) Verbal - Lingvistisk intelligens: går på evna til å lære språk, både munnleg og skriftleg.
2) Logisk - Matematisk intelligens: går på evna til å analysere, rekne, undersøkje.
3) Musikalsk intelligens: går på evna til å vere rytmisk, spele instrument.
4) Spatial intelligens: går på evna til å sjå romlege relasjonar, på det visuelle.
5) Kinestetisk intelligens: går på evna til å bruke kroppen til å løyse eit problem, eller skape eit produkt.
6) Interpersonleg intelligens: går på det sosiale, evna til å sjå andre sine kjensler, ynskjer, behov.
7) Intrapersonleg intelligens: går på evna til sjølvinnsikt, kunne setje seg realistiske mål.

Gardner seier at alle har desse intelligensane, men at kvart individ har utvikla nokre meir enne andre. Dette kan då forklara kvifor me har ulike ferdigheitar i skulen. Alle har kvart sitt "satsingsfelt", og noko dei ikkje har utvikla så mykje. Vidare vil då TPO vere nyttig, for at elevane får utvikla intelligensane vidare, etter det nivået dei er på.

fredag 21. november 2008

Det sosiokulturelle perspektivet

Denne veka har me sett på det sosiokulturelle perspektivet.
Det som kjenneteiknar dette perspektivet er at ein meinar all læring er eit resultat av eit eller anna samarbeid (Imsen, 2006).

Dette samarbeidet kan vere alt i frå eit samarbeid mellom elev – forfattar (lesing), til samarbeid mellom elevar. Akkurat no er det mykje snø ut her heime i Vats, og snømåka er dårleg. Dersom eg finn opp ein ny og betre snømåkar, er dette også eit samarbeid i følgje det sosiokulturelle perspektivet. Eg samarbeidar blant anna med dei som har funne opp, eller utvikla snømåka før meg.

Det skal godt gjerast å finne på noko heilt sjølv, i følgje til det sosiokulturelle perspektivet.

Me snakka ein del om Scaffoldning eller stilasbygging i pedagogikk denne veka. For at eg skal kunne lære noko, er det viktig med eit solid stilas som ”held alt oppe”. Det er læraren si oppgåve å sørgje for at dette stilaset er solid nok. Ein kan samanlikne dette stilaset med grunnmuren i eit hus. Utan ein god grunnmur, vil huset kollapse. Likeins er det med læring. Utan eit stilas som held saman det me lærar, vil kunnskapet også kollapse, og bli eit einaste rot.

lørdag 15. november 2008

Kunnskap, ny og gammal

Denne veka har me hatt fokus på konstruktivismen, som seier at kvar og ein av oss konstruerar vår eiga kunnskap (Imsen 2006).

Me diskuterte blant anna Jean Piaget, og teorien hans. Med Piaget sine begrep: mentale skjema, assimilasjon, akkomodasjon, og likevektsprinsipp, er det med ein gong litt lettare å snakke om, det som likevel er så komplisert og abstrakt, nemleg kva som føregår inni hovudet når ein lærar noko.

Det Piaget kallar mentale skjema, kan ein seie er det du kan. Altså det som er lagra inni hovudet som kunnskap. Fleire skjema som er i slekt, blir ”festa saman” til mentale strukturar. Piaget sa i følgje Imsen(2006), at dei mentale skjemaa vart utvikla og utvida i takt med alderen. Dette fekk me sjølv testa ut då Steinar ba oss skrive ned alt me veit om bil.

Då eg var liten var bilen ein ”brum- brum”, eit kjøretøy som berre vaksne fekk nytta, og som var farleg. Etter som eg er vorte eldre, køyrar sjølve og arbeidar på bensinstasjon, har eg fått utvida kunnskapane mine om bil. Det var no mykje eg kopla til ordet bil, alt frå korleis den er satt samen, kva drivstoff som finnest, til kor dei blir laga, til kva dei nyttast til. Eg veit eigentlig utruleg mykje om bil, utan å eigentleg vere klar over det. Kanskje eit døme på lite metakognitiv innsikt på denne området?

I løpet av prosessen, der eg har lært mykje om bil, har eg sannsynlegvis både assimilert og akkomodert ny kunnskap eg har fått. Då eg første gong lærte om bremser på bilen, assimilerte eg det med bremsene eg hadde på sykkelen min. Eg tilpassa den nye kunnskapen om bilbremser, til det eg visste om sykkelbremser. Bilbremser og sykkelbremser fungerte då i mitt hovud på same måte.
Seinare innsåg eg at bremsene på bilen var meir avanserte enn dei eg hadde på sykkelen min. Eg måtte akkomodera, altså endra på den gamle kunnskapen min, om at dei var like, og lage nye skjema.

Piaget seier også noko om at ein må ha ei indre drivkraft for å læra, ein motivasjon, som han kallar likevektsprinsippet. Då eg fann ut at det ikkje kunne vere slik at bilen fungerte likt som sykkelen min, vart det ubalanse. For å rette opp i ubalansen, måtte eg revurdere det eg trudde var rett, og tileigne meg ny kunnskap.

Dette med korleis me lærar, er eit interessant tema, som det kanskje er litt vanskeleg å få heilt taket på. Det er vanskeleg å tenkje korleis ein tenkjer. Kanskje vil me aldri heilt fullt ut forstå det.

torsdag 6. november 2008

Hukommelse - Læring

Hukommelse og læring er to sider av same sak (Imsen, 2005). For å kunne lære, er det naudsynt å hugsa det ein skal læra, og det ein har lært frå før.

Det finnest mange måtar å hugse noko på, mange ulike læringsstrategiar. Weinstein og Mayer, 1986, skiljar mellom tre hovudgrupper av læringsstrategiar:
  1. Repetisjonsstrategiar. Desse strategiane skal passar best til å lære faktakunnsaker. Metodar er pugging og assosiasjonar.
  2. Elaboreringsstrategiar: til djupare bearbeiding. Ein koplar ny kunnskap, saman med det ein kan frå før.
  3. Den siste gruppa er Organisasjonsstrategiar. Desse strategiane går ut på å skape oversikt, struktur, og samanheng i kunnskapen. Metodar som går innanfor her er, å skumlese før ein les i detalj, spørje spørsmål ved stoffet, og å lage tankekart.


Kva for læringsstrategiar som fungerer for kvar einskild, vil variere frå person til person. Kvar og ein av oss må finne ut av kva for strategiar som fungerer for oss, og på kva type læring dei fungerar. Nokon har kanskje også sine heilt eigne, sjølvlaga strategiar, som kan vere vanskelege å forstå for andre.


Å finne fram til læringsstrategiar som fungerar, krev ein viss grad av metakognitiv innsikt. Ein må altså vere bevisst om sine eigne tankar, og tankeprosessar. Ein må lære korleis ein lærar (Imsen, 2005). Mange meinar at denne bevisstheita aukar i takt med alderen. Ein får meir innsikt, jo eldre ein blir. Vil det seie at det er enklare for vaksne å lære på ein effektiv måte, enn det er for barn?


Det er ingen som kan finne ein læringsstrategi for deg, det er noko ein må gjere sjølv. Likevel vil det vere læraren si rolle å hjelpe elevane sine så godt dei kan med dette.


Eg trur det er viktig å lære elevane ulike læringsstrategiar tidleg i skulegangen. Då får dei mest, og best utbytte av dei.


Læraren kan presentera ulike metodar ( tankekart, assosiasjon, pugging, stikkord o.s.v.), og så blir det opp til elevane å velje bort dei som ikkje fungerar for dei, og behalde dei som fungerar. Mange barn har også sine eigen strategiar. Eg trur det er viktig å la dei få utvikle desse vidare, og seinare forkaste dei sjølv, dersom dei blir presentert for andre som fungerar betre.


Å finne ein læringsstrategi som fungerar er viktig, for å få ein effektiv og meiningsfylt læring. Det finnest ingen snarvegar til kunnskap, ein må arbeida, men gode strategiar vil vere til god hjelp i dette arbeidet.

torsdag 16. oktober 2008

Læring. Mitt syn!- Ditt syn!

Det finnest mange ulike meiningar, om kva læring er, og like mange ulike metodar ein kan lære på. Som me har lært i pedagogikken denne veka, finnest det mange ulike læringsteoriar, ute i omverda. Desse teoriane har vorte til, i ulike tidsepokar i historia, og i ulike forskarmiljø.

Er nokon forkastelege, medan andre er suverene?

På mange måtar kan ein seie at læringsteoriane følgjer moten, og det er klart at ikkje alle, alltid kan vere på topp. Eg trur nok kvar og ein av oss, kan finne både positive og negative element med alle teoriane. Likevel vil nokre teoriar stemme meir med vårt eige synspunkt på læring enn andre.

Kva er mitt synspunkt? Kva er ditt synspunkt?

Det eit menneske sjølv trur er det rette synet, vil han/ho som oftast prøve å vidareføre til andre, få dei til å meine det same som han/ho. Skulen er ein arbeidsplass der samarbeid er ein viktig del av kvardagen til lærarane. Ein vil treffe menneske, som kanskje har eit heilt anna syn på saker og ting, enn det ein sjølv har….. ikkje kjekt? Eller?.... Eg trur det er ein viktig eigenskap å ha, å sjå gode sider ved fleire syn. Likevel er det også viktig å halde fast med det ein sjølv trur er det beste/ rette. Vil ikkje også ulike syn i skulen, vera med å skape variasjon?

Denne veka, har me lært meir om behaviorismen, der straff og belønning, stimuli og respons, er sentrale tema. Eg er heilt einig med behaviorismen, med at straff og belønning er verkemiddel, som fungerar godt på barn, så vel som på vaksne. Alle veit jo at det å få straff ikkje er noko å lengte etter. Ingen vil bli sitjande i ”skammekroken” heile dagen. Då vil ein heller få lov til å gjere noko kjekt (belønning). Eg trur det må vera ein form for straff og belønning i skulen, både for å halde disiplin, og gi motivasjon til elevane.

Sjølv om eg meinar mykje av det same som i behaviorismen, veit eg likevel ikkje heilt i kva for leir eg skal plassera meg sjølv endå. Det er nok ein prosess eg ikkje heilt er komme i mål med. Men uansett kva syn ein har, trur eg det er viktig å kunne sjå positive sider ved andre syn, og respektera dei andre måtane å tenkje på.

onsdag 8. oktober 2008

Ein proaktiv lærar

No skal me snart ut i praksis og verkeleg prøva oss som lærarar. Ein Lærar er mellom anna ein leiar, ein undervisnings- og læringsleiar. Ei viktig oppgåve er å skape produktiv arbeidsro, for å få eit best mogleg læringsmiljø for elevane.

Ingen klassar er fullt opp med ”englebarn”, som alltid er rolege, snille, og som alltid gjer slik læraren ønskjer. Uro, bråk, og konfliktar, er som Ogden seier, ein del av skulekvardagen. Som lærar må ein kunne sjå elevane og konfliktar som dukkar opp, om naudsynt ordne opp, og vertfall sette inn tiltak for å forhindre at det blir mykje uro, bråk og konfliktar i ei elevgruppe.

Det er altså vitig å vere ein proaktiv lærar som er i forkant av problema. Men kva er eigentleg ein proaktiv lærar? Det handlar først og fremst om å fanga opp signal på byrjande vanskar. Ofte kan barn bli veldig sinte og frustrerte, og den einaste måten dei taklar det på, er kanskje å bli aggressive og bråkete. Ein proaktiv lærar vil leggje vekt på lære elevane å kontrollere sinnet sitt, og ytre meiningane sine på ein positiv måte. Læraren legg også vekt på å lære elevane sosiale ferdigheitar, og oppmuntrar dei til å løyse konfliktar på ein fredleg måte.

Det vil alltid vera konfliktar i skulen, men med gode sosiale ferdigheitar, er elevane betre rusta til å meistre dei.

Føremålet med undervisnings- og læringsleiing er som Ogden seier, å skape eit læringsmiljø der elevane kan utnytte læringsmoglegheitene sine til det fulle. Å vera ein proaktiv lærar, som førebygg uro, er saman med strukturert undervisning, omsorg, reglar og rutinar, nokre viktige faktorar, som er med på å skape dette læringsmiljøet.

torsdag 2. oktober 2008

Undervisningsplanlegging

Denne veka har me lært om undervisningsplanlegging. Ein lærar må planleggje på ulike nivå. Det skal lagast årsplanar, periodeplanar, veke -, dag -, og også økt planar. Alle desse planane skal ha ein samanheng. Kvifor er det eigentleg så viktig å planleggje?

Når me planlegg, får ein eit visst opplegg rundt undervisninga, ein veit kva ein skal gjere, og det redusere usikkerheit. Likevel er det viktig å kunne improvisere og endre på planane. Ein får ofte høyre at ein kan sjå på læraren som ein slags kunstnar. Eg synest dette er ein god samanlikning. Det er mange faktorar ein må ta omsyn til når ein planlegg undervisning, og å få alt til å ”klaffe”, kan sikkert vere eit kunstverk i seg sjølv?

Gjennom tida er det blitt laga fleire ulike planleggingsteoriar, som ein kan nytta som hjelpemiddel, og rettleiing. Modellane fortel ikkje korleis undervisninga kjem til å bli, den er berre eit forenkla bilete av det du skal gjere i økta, veka, eller anna du planlegg.

Ralph Tyler utvikla ”Mål- Middel- Modellen”. Denne legg mest vekt på kva målet med undervisninga er. Vidare kan ein då sjå på kva for læringsmetodar, som best mogleg fører til målå. Etterpå må ein vurdere om målå er oppnådd.

Ein annan modell, er den didaktiske relasjonsmodellen til Bjørndal og Lie. Denne modellen består av ulike faktorar ( mål, faginnhald, evaluering, dadaktiske forutsetningar, og læringsaktivitetar). Modellen seier at ein må ta omsyn til alle desse faktorane, når ein skal planleggje undervisning. Desse faktorane verkar saman, og påverkar kvarandre. Dersom du endrar ein faktor, vil alt endre seg.

Som ferske lærarstudentar, er det lett for at me ”panisk” følgjer ein av desse modellane, som ei oppskrift på suksess. Uansett kor mykje ein planlegg, vil det nok alltid dukke opp uana ting, som gjer at me enten blir heilt satt ut, eller må improvisere, og endre opplegget vårt. Slik vil det nok alltid vera.

fredag 26. september 2008

Pedagogisk Grunnsyn

Denne veka har lært litt om pedagogiske grunnsyn. Eit viktig spørsmål var: kva meinar me eigentleg med pedagogisk grunnsyn? Me kom fram til at eit pedagogisk grunnsyn er ein slags filosofi, som ligg til grunn for korleis du tenkjer, og handlar ute i skulen. Det finnest mange ulike pedagogiske grunnsyn, og det er vanskelig å plassere seg sjølve innanfor eit av dei. Kva er eigentleg mitt pedagogiske grunnsyn per dags dato?

Me skiljar mellom eit tradisjonalistisk/kultursentrert syn, og eit progressivt/barnesentrert syn. Kort sagt kan me seie at skilnaden er at tradisjonalistane har fokuset retta mot faget, det læraren skal lære eleven, medan dei progressive har fokus på elevane. I det tradisjonalistiske synet er det læraren som er autoriteten, og undervisningsforma går ut på at han skal overføre/ ”fylle opp” elevane med kunnskap. Skulen sin oppgåve er å førebu elevane for samfunnet, og innhaldet er påverka av det samfunnet ønskjer. I det progressive synet, er læraren meir ein tilretteleiar, og vegvisar. Det er eleven som er i fokus, og elevaktivitet er viktig. Alternative læringsmetoder blir gjerne tatt i bruk, og eleven får vere med å bestemme meir.

Dette er berre to store grupperingar, og det finnest mange syn, innafor desse. Sjølv meinar eg at begge to har noko og komme med. Eg trur det er viktig å ha mest fokus retta mot eleven, og eleven sine behov. Likevel trur eg me også må ha fokus på faget, kva vil me elevane skal læra? Eg synest at eleven sjølv, skal få vere med å bestemme til ein viss grad, med at læraren framleis bør ha ein viss autoritet. Det tradisjonalistiske synet seier at læraren skal overføre kunnskapen til elevane, medan det progressive synet seier at eleven på mange måtar skal finne ut av ting, og lære sjølv. Eg trur ikkje den eine måten er betre enn den andre. Det vil nok være forskjell i frå elev til elev, på kva måte han/ho lærar best. Eg trur det er viktig å ha med begge deler, og heller prøve å variere mellom dei ulike undervisningsformene.

Det ligg mange psykologiske syn til grunn for dei pedagogiske syna. Psykoanalytiske syn, legg vekt på dette med minner ikkje må fortrengast, og at det du har opplevd i livet, er viktig for korleis du blir vidare. Behaviorismen legg vekt, på at me berre kan studere det me kan sjå, altså det ytre. Dei meinar at det er stimuliet du får, som avgjer kva resultatet blir, korleis du reagerer. Eit system med belønning og straff er veldig sentralt her. Eit anna syn er det humanistiske synet, som byggjer på rettferdighet, og på sjølvrealisering.

Eg meiar det er viktig å snakke om minner, opplevingar som har hendt med barna. Trur ikkje det er så sunt å fortrengje alt, fordi ein veit ikkje kva konsekvensar dette kan få seinare. Dette er jo eit veldig psykoanalytisk syn. Samstundes har eg også tru på straff og belønning, då dette er veldig effektivt, og skaper tydlege rammer rundt undervisninga. Å vite at ein blir belønna før god innsats, kan også verke motiverande. Dette viser til ein syn innanfor behaviorismen. I dagens samfunn, der presset er så stort om å vere ”perfekt”, trur eg det er ei viktig oppgåve for skulen å arbeide med sjølvtillit og sjølvrealisering. Dette kan minne om eit humanistisk syn.

Eg synest det er vanskeleg å plassere meg i ein spesiell retning, og per dags dato, har eg vell ein stor blanding av eit syn. Kanskje vil dette endre seg med tida? Kanskje kjem eg inn på ei meir einsidig veg? Kven veit?

fredag 12. september 2008

Praksis

Då er det endeleg praksis neste veke. Det er noko eg har sett fram til heilt sidan me starta på studiet. Eg har både gleda og grua meg, men er nok mest spent. Det Blir spanande å sjå korleis læraryrket eigentleg er, og korleis skulen fungerer. Dette blir første gong eg får oppleva skulen frå læraren si side, og ikkje elevens. Det blir sikkert litt av ein omvelting for meg, sidan eg ikkje har nokon erfaring frå før. Då er det godt eg er her for å læra, og eg har nok av ting å læra.

I desse vekene me har gått på HSH no, har me lært mykje som skal førebu oss til praksis. Det blir interessant å sjå om eg kan finne, døme på teorien me har gått gjennom, ute i praksis. Ein ting er å lære noko i teorien, men det blir spanande og sjå om det verkeleg er sånn i praksis. Kanskje blir det også lettare å forstå teorien?

Eg gler meg vertfall mykje til praksisen, og trur den blir både lærerik, spanande, og motiverande.

torsdag 4. september 2008

Kvifor eg vil bli lærar

Ein kan kanskje gå så langt som til å seie, at læraryrket er eit av dei viktigaste i samfunnet. Som me har sett på i timane, har læraren mange roller, blant anna å forme (danne) elevane. Lærarane har ansvar både for personleg danning, og samfunnsmessig utdanning. Samtidig som dei har ansvar for danninga/ utdanninga av elevane, skal dei også vere ein omsorgsperson, og ein rollemodell.

Dette er eit stort ansvar, og heile samfunnet har auga retta på dei, i tilfelle dei skulle komma til å gjera noko feil. Eg trur læraryrket er krevjande, men samtidig veldig givande. Ein får høve til å arbeide med barn og ungdom, og kanskje påverke dei på ein positiv måte. Eg har alltid likt å arbeidde med menneskjer, fordi då er aldri ein dag lik den andre. I skulen får ein arbeidde med menneske i omtrent alle aldrar, og ein har til ein viss grad, varierte arbeidsoppgåver.

Det at det stadig kjem nye, og strengare krav til lærarane, gjer at ein alltid har noko å strekkja seg etter. Ein har altså heile tida nye utfordringar, og det synest eg er viktig i ei yrke. Sjølv om eg meinar at læraryrket verkar utfordrande og kjekt, er eg klar over at det krev mykje arbeid for å bli ein god lærar. Nokon vil kanskje aldri bli det. Mitt mål er å arbeidde og utvikle meg, sånn at eg kan bli ein god og kompetent lærar.

mandag 25. august 2008

Den gode lærar

På den vidaregåande skulen lærte eg fort, kor stor skilnaden mellom ein god og ein dårleg lærar kan vera. Det negative var at det var flest, som kunne gå under kategorien dårlig. Kanskje er det vi elevar, som har lettare for å huska dei ikkje fullt så gode lærarane?

Den læraren eg no skal skildre, var eit av lyspunkta i ein ellers litt gammaldags vidaregåande skule, ute på bygda. Eg hadde denne læraren i to fag i løpet av dei tri årå eg gjekk på skulen her, samfunnsfag, og politisk idèhistorie. Han var ein av dei få lærarane eg har møtt, som fekk timane til å bli kjekke, utan at det gjekk ut over undervisninga. Det er etter min meining ein veldig viktig egenskap. Samtidig som han kunne oppfattast som ein kompis, var han likevel streng om me ikkje jobba. Eg trur dette var noko som gjorde at han blei respektert, og at me derfor kanskje satte inn litt ekstra arbeid i timane hans. Han gav oss ei kjensle av att dersom me jobba, fekk me belønning, og dersom me ikkje jobba, fekk dette konsekvensar. Gode eller dårlege sanksjonar, alt etter kva me som elevar hadde fortjent. Dette med at dårleg arbeidsinnsats får konsekvensar, er ein kjent sak i skulen, og er vanlegvis ikkje sett på som positivt av elevane. Det at denne læraren, fekk oss til å innsjå at dette var rettferdig og noko me kunne bestemme utfallet av sjølve, er nesten ein bragd i seg sjølve.

Læraren satsa veldig på variert undervisning, med forelesningar, diskusjonar, samarbeid, og høgtopplesing i klassen. Han la vekt på at me som elevar skulle vera aktive deltakarar i timane. Dette gjorde at me fekk ein meir aktiv læring, og eg føler at me på denne måten fekk meir igjen for timane. Denne læraren hadde dei fleste kvalitetane, som eg ser på som viktige for ein god lærar: han hadde god kontakt med elevane, var rettferdig, respektert, og var ein god formidlar av kunnskapane sine i faga. Kva meir kan ein ønskje seg?

Hei!

Då har eg fått Pedagogikk bloggen min i gong;) va her me sko skriva ein gong i vekå, så då kjeme det nok meir ettekvart;) spennanes detta..