torsdag 4. september 2008

Kvifor eg vil bli lærar

Ein kan kanskje gå så langt som til å seie, at læraryrket er eit av dei viktigaste i samfunnet. Som me har sett på i timane, har læraren mange roller, blant anna å forme (danne) elevane. Lærarane har ansvar både for personleg danning, og samfunnsmessig utdanning. Samtidig som dei har ansvar for danninga/ utdanninga av elevane, skal dei også vere ein omsorgsperson, og ein rollemodell.

Dette er eit stort ansvar, og heile samfunnet har auga retta på dei, i tilfelle dei skulle komma til å gjera noko feil. Eg trur læraryrket er krevjande, men samtidig veldig givande. Ein får høve til å arbeide med barn og ungdom, og kanskje påverke dei på ein positiv måte. Eg har alltid likt å arbeidde med menneskjer, fordi då er aldri ein dag lik den andre. I skulen får ein arbeidde med menneske i omtrent alle aldrar, og ein har til ein viss grad, varierte arbeidsoppgåver.

Det at det stadig kjem nye, og strengare krav til lærarane, gjer at ein alltid har noko å strekkja seg etter. Ein har altså heile tida nye utfordringar, og det synest eg er viktig i ei yrke. Sjølv om eg meinar at læraryrket verkar utfordrande og kjekt, er eg klar over at det krev mykje arbeid for å bli ein god lærar. Nokon vil kanskje aldri bli det. Mitt mål er å arbeidde og utvikle meg, sånn at eg kan bli ein god og kompetent lærar.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Interessant og bra at du ser på dei nye oppgåvene til lærarane som ei utfordring- det er rett innstilling! Er det nokre av dei ulike rollene du får som lærar, som du føler ekstra for, er ekstra motivert for?

Marianne sa...

Den viktigaste rolla meinar eg er det å utdanne barna. Forhåpentligvis får dei då eit godt grunnlag å stå på videre i livet.