fredag 26. september 2008

Pedagogisk Grunnsyn

Denne veka har lært litt om pedagogiske grunnsyn. Eit viktig spørsmål var: kva meinar me eigentleg med pedagogisk grunnsyn? Me kom fram til at eit pedagogisk grunnsyn er ein slags filosofi, som ligg til grunn for korleis du tenkjer, og handlar ute i skulen. Det finnest mange ulike pedagogiske grunnsyn, og det er vanskelig å plassere seg sjølve innanfor eit av dei. Kva er eigentleg mitt pedagogiske grunnsyn per dags dato?

Me skiljar mellom eit tradisjonalistisk/kultursentrert syn, og eit progressivt/barnesentrert syn. Kort sagt kan me seie at skilnaden er at tradisjonalistane har fokuset retta mot faget, det læraren skal lære eleven, medan dei progressive har fokus på elevane. I det tradisjonalistiske synet er det læraren som er autoriteten, og undervisningsforma går ut på at han skal overføre/ ”fylle opp” elevane med kunnskap. Skulen sin oppgåve er å førebu elevane for samfunnet, og innhaldet er påverka av det samfunnet ønskjer. I det progressive synet, er læraren meir ein tilretteleiar, og vegvisar. Det er eleven som er i fokus, og elevaktivitet er viktig. Alternative læringsmetoder blir gjerne tatt i bruk, og eleven får vere med å bestemme meir.

Dette er berre to store grupperingar, og det finnest mange syn, innafor desse. Sjølv meinar eg at begge to har noko og komme med. Eg trur det er viktig å ha mest fokus retta mot eleven, og eleven sine behov. Likevel trur eg me også må ha fokus på faget, kva vil me elevane skal læra? Eg synest at eleven sjølv, skal få vere med å bestemme til ein viss grad, med at læraren framleis bør ha ein viss autoritet. Det tradisjonalistiske synet seier at læraren skal overføre kunnskapen til elevane, medan det progressive synet seier at eleven på mange måtar skal finne ut av ting, og lære sjølv. Eg trur ikkje den eine måten er betre enn den andre. Det vil nok være forskjell i frå elev til elev, på kva måte han/ho lærar best. Eg trur det er viktig å ha med begge deler, og heller prøve å variere mellom dei ulike undervisningsformene.

Det ligg mange psykologiske syn til grunn for dei pedagogiske syna. Psykoanalytiske syn, legg vekt på dette med minner ikkje må fortrengast, og at det du har opplevd i livet, er viktig for korleis du blir vidare. Behaviorismen legg vekt, på at me berre kan studere det me kan sjå, altså det ytre. Dei meinar at det er stimuliet du får, som avgjer kva resultatet blir, korleis du reagerer. Eit system med belønning og straff er veldig sentralt her. Eit anna syn er det humanistiske synet, som byggjer på rettferdighet, og på sjølvrealisering.

Eg meiar det er viktig å snakke om minner, opplevingar som har hendt med barna. Trur ikkje det er så sunt å fortrengje alt, fordi ein veit ikkje kva konsekvensar dette kan få seinare. Dette er jo eit veldig psykoanalytisk syn. Samstundes har eg også tru på straff og belønning, då dette er veldig effektivt, og skaper tydlege rammer rundt undervisninga. Å vite at ein blir belønna før god innsats, kan også verke motiverande. Dette viser til ein syn innanfor behaviorismen. I dagens samfunn, der presset er så stort om å vere ”perfekt”, trur eg det er ei viktig oppgåve for skulen å arbeide med sjølvtillit og sjølvrealisering. Dette kan minne om eit humanistisk syn.

Eg synest det er vanskeleg å plassere meg i ein spesiell retning, og per dags dato, har eg vell ein stor blanding av eit syn. Kanskje vil dette endre seg med tida? Kanskje kjem eg inn på ei meir einsidig veg? Kven veit?

4 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Du viser i innlegget at du har fått med deg det sentrale i det me gjennomgjekk, og du har dermed eit godt utgangspunkt for å utvikle ditt personlege grunnsyn. Føler du deg mest heime i progressivismen eller i tradisjonalismen, eller er du "midt på"? Kan du utdjupe litt her?

Marianne sa...

eg trur eg ligg "midt på". Eg trur læraren må, og skal vera ein autoritet i skulen, og har tru på formidling som læringstype. Likevel må ein variera, og elevane må også lære seg sjølvlæring, å lære sjølv, gjerne ved hjelp av samarbeid, prosjektarbeid, og å arbeide for seg sjølve. Eg meiar at elevane kan komma med innspel på korleis undervisninga skal vera, men det er læraren som har den "avgjerande stemma".

Anonym sa...

Hei Marianne! Eg måtte berre seie at eg syns du formulerer deg fint og at du skriv veldig oversiktlig og bra. Ser ut som du både har fått ein oversikt over pedagogiske retningar og tatt eit førebels standpunkt. Og så verkar du ha bra nynorsk språk, noko eg slit litt med. He he...

Marianne sa...

takk for det Kristin:)ja, eg kom fram til eit visst syn tilslutt, men det var ikkje lett, hehe, kanskje det endrar seg etterkvart som eg lærar meir.. Det er vell helst bokmål som er mitt problem, siden eg er vokst opp med nynorsk;)