tirsdag 23. desember 2008

Metakognisjon kring blogging

No er det snart jul, og første semester er over for A1. Blogging har vore eit fast innslag i pedagogikkfaget denne hausten. For meg var dette noko eg aldri hadde prøvd ut før.
I starten syntest eg det var vanskeleg å skrive blogginnlegg, men etter som vekene gjekk, fekk eg det meir ”under huda”. Etter kvart har blogginga blitt ein viktig del av læringsprosessen min i pedagogikk. Eg har lært mykje av å skrive innlegg sjølve, kommentarar eg har fått, og ved å lese andre sine bloggar.

Å skrive blogg er for meg ei repetering av det me har vore gjennom av fagstoff. Eg får bearbeida stoffet, og gjort det om til mine eigne ord. Det er emne i pedagogikk som eg synest er vanskeleg å få tak i. Alt er ikkje like enkelt. Bloggen har då vore eit godt hjelpemiddel for meg, ved at ein blir utfordra til å skrive sine tankar om desse emna. På grunn av at eg må skrive bloggen, trur eg at eg tenkjer meir over emnet eg skal skrive om, og då går det nokre gonger opp eit lys for meg.

I tillegg til å skrive eigne blogginnlegg, har me også kommentert andre sine bloggar. Å kommentere er vanskeleg! Eg merkar at eg ikkje er god på dette, og treng trening. Eg synest at å kommentere bloggane til medelevane er ein god måte å trene på. Å kunne gi gode tilbakemeldingar er viktig for ein potensiell lærar, og øving gjer meister.

Eg synest blogginga har fungert bra, og at det har vore greit med ein bestemd blogg ein skal kommentera kvar veke. Synest at emnet me kan skrive om kvar veke, er ope nok. Nokon vil kanskje ha meir fridom rundt kva dei kan skrive om, men for meg er det mest naturleg og relevant, å skrive om noko innanfor det emnet me tek føre oss.

1 kommentar:

Steinar sa...

Takk for gode oppsummerande refleksjonar og lukke til med vidare blogging!