lørdag 15. november 2008

Kunnskap, ny og gammal

Denne veka har me hatt fokus på konstruktivismen, som seier at kvar og ein av oss konstruerar vår eiga kunnskap (Imsen 2006).

Me diskuterte blant anna Jean Piaget, og teorien hans. Med Piaget sine begrep: mentale skjema, assimilasjon, akkomodasjon, og likevektsprinsipp, er det med ein gong litt lettare å snakke om, det som likevel er så komplisert og abstrakt, nemleg kva som føregår inni hovudet når ein lærar noko.

Det Piaget kallar mentale skjema, kan ein seie er det du kan. Altså det som er lagra inni hovudet som kunnskap. Fleire skjema som er i slekt, blir ”festa saman” til mentale strukturar. Piaget sa i følgje Imsen(2006), at dei mentale skjemaa vart utvikla og utvida i takt med alderen. Dette fekk me sjølv testa ut då Steinar ba oss skrive ned alt me veit om bil.

Då eg var liten var bilen ein ”brum- brum”, eit kjøretøy som berre vaksne fekk nytta, og som var farleg. Etter som eg er vorte eldre, køyrar sjølve og arbeidar på bensinstasjon, har eg fått utvida kunnskapane mine om bil. Det var no mykje eg kopla til ordet bil, alt frå korleis den er satt samen, kva drivstoff som finnest, til kor dei blir laga, til kva dei nyttast til. Eg veit eigentlig utruleg mykje om bil, utan å eigentleg vere klar over det. Kanskje eit døme på lite metakognitiv innsikt på denne området?

I løpet av prosessen, der eg har lært mykje om bil, har eg sannsynlegvis både assimilert og akkomodert ny kunnskap eg har fått. Då eg første gong lærte om bremser på bilen, assimilerte eg det med bremsene eg hadde på sykkelen min. Eg tilpassa den nye kunnskapen om bilbremser, til det eg visste om sykkelbremser. Bilbremser og sykkelbremser fungerte då i mitt hovud på same måte.
Seinare innsåg eg at bremsene på bilen var meir avanserte enn dei eg hadde på sykkelen min. Eg måtte akkomodera, altså endra på den gamle kunnskapen min, om at dei var like, og lage nye skjema.

Piaget seier også noko om at ein må ha ei indre drivkraft for å læra, ein motivasjon, som han kallar likevektsprinsippet. Då eg fann ut at det ikkje kunne vere slik at bilen fungerte likt som sykkelen min, vart det ubalanse. For å rette opp i ubalansen, måtte eg revurdere det eg trudde var rett, og tileigne meg ny kunnskap.

Dette med korleis me lærar, er eit interessant tema, som det kanskje er litt vanskeleg å få heilt taket på. Det er vanskeleg å tenkje korleis ein tenkjer. Kanskje vil me aldri heilt fullt ut forstå det.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Det konkrete eksempelet med bil- og sykkelbremser er ei god konkretisering, i Piaget si ånd, som også viser at du har forstått desse nye, kognitive omgrepa- og det er bra!

Kva praktiske konsekvensar ser du for deg at konstruktivismen vil ha for di undervisning og din pedagogikk?

Marianne sa...

Konstruktivismen seier at elevane må konstruere sin eigen kunnskap, noko eg også trur eg viktig. I undervisninga ser eg føre meg at induktivt arbeid, der dei sjølve konstruerar "regelen", vil kunne vere ein arbeidsmetode. Likeins er til dømes forsøk i ulike fag (naturfag, samfunnsfag..).

Som lærar vil eg då verke som ein rettleiar, som kjem med forsiktig leiande spørsmål.

Steinar sa...

fornuftig strategi, det der!