fredag 12. september 2008

Praksis

Då er det endeleg praksis neste veke. Det er noko eg har sett fram til heilt sidan me starta på studiet. Eg har både gleda og grua meg, men er nok mest spent. Det Blir spanande å sjå korleis læraryrket eigentleg er, og korleis skulen fungerer. Dette blir første gong eg får oppleva skulen frå læraren si side, og ikkje elevens. Det blir sikkert litt av ein omvelting for meg, sidan eg ikkje har nokon erfaring frå før. Då er det godt eg er her for å læra, og eg har nok av ting å læra.

I desse vekene me har gått på HSH no, har me lært mykje som skal førebu oss til praksis. Det blir interessant å sjå om eg kan finne, døme på teorien me har gått gjennom, ute i praksis. Ein ting er å lære noko i teorien, men det blir spanande og sjå om det verkeleg er sånn i praksis. Kanskje blir det også lettare å forstå teorien?

Eg gler meg vertfall mykje til praksisen, og trur den blir både lærerik, spanande, og motiverande.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei!

Eg håpar du gjer deg mange lærerike og positive praksiserfaringar. Ein klasse er nok anna fraå andre sida av kateteret. Lukke til!