torsdag 2. oktober 2008

Undervisningsplanlegging

Denne veka har me lært om undervisningsplanlegging. Ein lærar må planleggje på ulike nivå. Det skal lagast årsplanar, periodeplanar, veke -, dag -, og også økt planar. Alle desse planane skal ha ein samanheng. Kvifor er det eigentleg så viktig å planleggje?

Når me planlegg, får ein eit visst opplegg rundt undervisninga, ein veit kva ein skal gjere, og det redusere usikkerheit. Likevel er det viktig å kunne improvisere og endre på planane. Ein får ofte høyre at ein kan sjå på læraren som ein slags kunstnar. Eg synest dette er ein god samanlikning. Det er mange faktorar ein må ta omsyn til når ein planlegg undervisning, og å få alt til å ”klaffe”, kan sikkert vere eit kunstverk i seg sjølv?

Gjennom tida er det blitt laga fleire ulike planleggingsteoriar, som ein kan nytta som hjelpemiddel, og rettleiing. Modellane fortel ikkje korleis undervisninga kjem til å bli, den er berre eit forenkla bilete av det du skal gjere i økta, veka, eller anna du planlegg.

Ralph Tyler utvikla ”Mål- Middel- Modellen”. Denne legg mest vekt på kva målet med undervisninga er. Vidare kan ein då sjå på kva for læringsmetodar, som best mogleg fører til målå. Etterpå må ein vurdere om målå er oppnådd.

Ein annan modell, er den didaktiske relasjonsmodellen til Bjørndal og Lie. Denne modellen består av ulike faktorar ( mål, faginnhald, evaluering, dadaktiske forutsetningar, og læringsaktivitetar). Modellen seier at ein må ta omsyn til alle desse faktorane, når ein skal planleggje undervisning. Desse faktorane verkar saman, og påverkar kvarandre. Dersom du endrar ein faktor, vil alt endre seg.

Som ferske lærarstudentar, er det lett for at me ”panisk” følgjer ein av desse modellane, som ei oppskrift på suksess. Uansett kor mykje ein planlegg, vil det nok alltid dukke opp uana ting, som gjer at me enten blir heilt satt ut, eller må improvisere, og endre opplegget vårt. Slik vil det nok alltid vera.

4 kommentarer:

Marie sa...

Hei! Det ser ut som om du har lært mykje om undervisningsplanlegging, og om forskjellige modellar, bra!:)

Men er det ein av modellane du trur du kjem til å følgje meir enn andre?

Marianne sa...

trur eg kjem til å nytte den didaktiske relasjonsmodellen mest,sidan den viser korleis alle faktorane heng saman. Men trur og det kan vere nyttig å ha alle modellane i bakhovudet.

Steinar sa...

Det er heilt sant som du skriv, det er heilt klart ein kunst å få alt dette til å klaffe!
Kan du tenkje deg nokre eksempel på uforutsette ting som undervegs kan "øydeleggje" ein time som du har planlagt nøye?

Marianne sa...

uforutsette ting kan vere at det har hendt noko i friminuttet, som pregar elevane, ting kan ta lenger tid enn du har planlagt, aktivitetar kan mislukkast,dersom elevane ikkje er aktive, utstyr kan vere i ustand o.s.v. Det er snakk om rammefaktorar, og læreføresetnader.