torsdag 6. november 2008

Hukommelse - Læring

Hukommelse og læring er to sider av same sak (Imsen, 2005). For å kunne lære, er det naudsynt å hugsa det ein skal læra, og det ein har lært frå før.

Det finnest mange måtar å hugse noko på, mange ulike læringsstrategiar. Weinstein og Mayer, 1986, skiljar mellom tre hovudgrupper av læringsstrategiar:
  1. Repetisjonsstrategiar. Desse strategiane skal passar best til å lære faktakunnsaker. Metodar er pugging og assosiasjonar.
  2. Elaboreringsstrategiar: til djupare bearbeiding. Ein koplar ny kunnskap, saman med det ein kan frå før.
  3. Den siste gruppa er Organisasjonsstrategiar. Desse strategiane går ut på å skape oversikt, struktur, og samanheng i kunnskapen. Metodar som går innanfor her er, å skumlese før ein les i detalj, spørje spørsmål ved stoffet, og å lage tankekart.


Kva for læringsstrategiar som fungerer for kvar einskild, vil variere frå person til person. Kvar og ein av oss må finne ut av kva for strategiar som fungerer for oss, og på kva type læring dei fungerar. Nokon har kanskje også sine heilt eigne, sjølvlaga strategiar, som kan vere vanskelege å forstå for andre.


Å finne fram til læringsstrategiar som fungerar, krev ein viss grad av metakognitiv innsikt. Ein må altså vere bevisst om sine eigne tankar, og tankeprosessar. Ein må lære korleis ein lærar (Imsen, 2005). Mange meinar at denne bevisstheita aukar i takt med alderen. Ein får meir innsikt, jo eldre ein blir. Vil det seie at det er enklare for vaksne å lære på ein effektiv måte, enn det er for barn?


Det er ingen som kan finne ein læringsstrategi for deg, det er noko ein må gjere sjølv. Likevel vil det vere læraren si rolle å hjelpe elevane sine så godt dei kan med dette.


Eg trur det er viktig å lære elevane ulike læringsstrategiar tidleg i skulegangen. Då får dei mest, og best utbytte av dei.


Læraren kan presentera ulike metodar ( tankekart, assosiasjon, pugging, stikkord o.s.v.), og så blir det opp til elevane å velje bort dei som ikkje fungerar for dei, og behalde dei som fungerar. Mange barn har også sine eigen strategiar. Eg trur det er viktig å la dei få utvikle desse vidare, og seinare forkaste dei sjølv, dersom dei blir presentert for andre som fungerar betre.


Å finne ein læringsstrategi som fungerar er viktig, for å få ein effektiv og meiningsfylt læring. Det finnest ingen snarvegar til kunnskap, ein må arbeida, men gode strategiar vil vere til god hjelp i dette arbeidet.

5 kommentarer:

Ingunn Marie sa...

veldig bra fromulert om ulike læringsstrategier;)

Jeg er helt enig i at læreren kan hjelpe elevene til å finne sin egen læringsstrategi som gjør at elevene lærer bedre. Læreren kan vise det med forskjellige metoder slik at elevene kan velge sin egen strategi som fungerer best for dem.

Hvilke(n) læringsstrategi synes du fungerer best for deg i dette faget? Bruker du forskjellige læringsstrategier i forskjellige fag?

Bra jobbet;)

Marianne sa...

Bruker nok forskjellige læringsstrategier etter kva eg skal lære. I pedagogikk lager eg ofte tankekart, og skriv notater. Då får eg repetert, og omformulert det eg har lese til mine eigne ord.

Synest også metoden, med "tankereise", fungerte bra, og kjem sikker til å nytte denne, der det passer.

Steinar sa...

Flott at du oppgir kjelder i teksten din!!

Du skriv at det er viktig å vere metakognitiv, og det er eg heilt eining i.

Men, kanskje det eigentleg er veldig vanskeleg, "å tenke på si eiga tenking"? Når trur du elevar kan vere modne for å begynne med slikt i skulen?

Det er også utan tvil mange vaksne som ikkje har innsikt i eiga tenking. Kvifor er det slik, trur du?

Marianne sa...

eg trur at det å bli flink til å "tenke på si eiga tenking", er ein lang prosess. Eg trur elevar kan starta i det små med dette tidleg, på barneskolen. Ein kan la elevene velje mellom til dømes 2 arbeidsmåtar. Då meinar eg dei etterkvart vil velje den som fungerer best for dei. Etterkvart som dei blir eldre, kan ein arbeidde vidare på stadig høgare nivå, dei kan bli introdusert til nye metodar, seie kva for ein dei likar, ikkje likar, og begrunne.

Eg trur det at så mange vaksne har lita innsikt i eiga tenking, kan ha med å gjere at det har vore lite fokus på dette i skulen. Ser berre på meg sjølve, som har fått fleire "aha- opplevingar", med tanke på eiga innsikt, og mine læringsstrategiar. Har lært masse no, som eg hadde hatt stor nytte av å lære i grunnskulen!

Steinar sa...

Då har du i alle fall eit godt utgangspunkt:-)