torsdag 16. oktober 2008

Læring. Mitt syn!- Ditt syn!

Det finnest mange ulike meiningar, om kva læring er, og like mange ulike metodar ein kan lære på. Som me har lært i pedagogikken denne veka, finnest det mange ulike læringsteoriar, ute i omverda. Desse teoriane har vorte til, i ulike tidsepokar i historia, og i ulike forskarmiljø.

Er nokon forkastelege, medan andre er suverene?

På mange måtar kan ein seie at læringsteoriane følgjer moten, og det er klart at ikkje alle, alltid kan vere på topp. Eg trur nok kvar og ein av oss, kan finne både positive og negative element med alle teoriane. Likevel vil nokre teoriar stemme meir med vårt eige synspunkt på læring enn andre.

Kva er mitt synspunkt? Kva er ditt synspunkt?

Det eit menneske sjølv trur er det rette synet, vil han/ho som oftast prøve å vidareføre til andre, få dei til å meine det same som han/ho. Skulen er ein arbeidsplass der samarbeid er ein viktig del av kvardagen til lærarane. Ein vil treffe menneske, som kanskje har eit heilt anna syn på saker og ting, enn det ein sjølv har….. ikkje kjekt? Eller?.... Eg trur det er ein viktig eigenskap å ha, å sjå gode sider ved fleire syn. Likevel er det også viktig å halde fast med det ein sjølv trur er det beste/ rette. Vil ikkje også ulike syn i skulen, vera med å skape variasjon?

Denne veka, har me lært meir om behaviorismen, der straff og belønning, stimuli og respons, er sentrale tema. Eg er heilt einig med behaviorismen, med at straff og belønning er verkemiddel, som fungerar godt på barn, så vel som på vaksne. Alle veit jo at det å få straff ikkje er noko å lengte etter. Ingen vil bli sitjande i ”skammekroken” heile dagen. Då vil ein heller få lov til å gjere noko kjekt (belønning). Eg trur det må vera ein form for straff og belønning i skulen, både for å halde disiplin, og gi motivasjon til elevane.

Sjølv om eg meinar mykje av det same som i behaviorismen, veit eg likevel ikkje heilt i kva for leir eg skal plassera meg sjølv endå. Det er nok ein prosess eg ikkje heilt er komme i mål med. Men uansett kva syn ein har, trur eg det er viktig å kunne sjå positive sider ved andre syn, og respektera dei andre måtane å tenkje på.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Flott innlegg, tykkjer du har sumert godt opp utfordringa med forskjellige læringsyn. I behaviorismen reknar ein det som særs effektivt med straff og belønning ovanfor barn som ynskjer merksemd, kan du tenkje deg områder der behaviorismen kjem til kort ovan for barn og evt. andre læringsyn?

Marianne sa...

straff og belønning, kan kanskje komme til kort hjå nokre elevar. Det kan vere ting, som gjer at verken straff eller belønning har nokon effekt på eleven. Då kan ein kanskje berre satsa på ein open dialog med eleven, og prøve å komme til bunns i kvifor det er slik.

Anonym sa...

Hei Marianne!
Eg tenkjer litt på det du seier om å vidareføre meininga til andre i ein diskusjon. Har ofte tenkt at me er altfor lite flinke til å godta at me er ueinige. Det er noko med at, ja ka så? Kan vi ikkje berre ha ulike syn på ting, og la det liggje? Det er når ein er trygg på sine eigne meiningar ein kan ha respekt for andre sine standpunkt og.
I samarbeid må ein og kunne gjera noko ein ikkje eigentleg har lyst til, eller bruka eit undervisningsopplegg som ein ikkje akkurat tenner på i utgangspunktet.
Men kanskje opplev ein faktisk å utvida horisonten sin.
Det handlar om samarbeid, respekt for andre, men selvfølgeleg og det å bidra med eigne meiningar og idear. Ein må vel finna ein balanse trur eg. Som du og seier i innlegget ditt!

Steinar sa...

Mange gode refleksjonar her, noko eg belønnar ved å skrive: FLOTT!!