søndag 30. november 2008

Ulike intelligensar

I ein skulesamanheng, der barn er samla for å lære, er det lett å sjå skilnader i kva dei kan. Ulike barn er flinke på ulike områder. Ein er sjeldan flink i alt.

Howard Gardner meinar å ha funne minst 10 ulike intelligensar som menneska har. Han meinar at alle er fødde med alle typane, men at me utviklar, og nyttar dei i ulik grad. 7 av desse intelligenstypane er allmennt godkjendt. Forklarar kort kva dei ulike går ut på:

1) Verbal - Lingvistisk intelligens: går på evna til å lære språk, både munnleg og skriftleg.
2) Logisk - Matematisk intelligens: går på evna til å analysere, rekne, undersøkje.
3) Musikalsk intelligens: går på evna til å vere rytmisk, spele instrument.
4) Spatial intelligens: går på evna til å sjå romlege relasjonar, på det visuelle.
5) Kinestetisk intelligens: går på evna til å bruke kroppen til å løyse eit problem, eller skape eit produkt.
6) Interpersonleg intelligens: går på det sosiale, evna til å sjå andre sine kjensler, ynskjer, behov.
7) Intrapersonleg intelligens: går på evna til sjølvinnsikt, kunne setje seg realistiske mål.

Gardner seier at alle har desse intelligensane, men at kvart individ har utvikla nokre meir enne andre. Dette kan då forklara kvifor me har ulike ferdigheitar i skulen. Alle har kvart sitt "satsingsfelt", og noko dei ikkje har utvikla så mykje. Vidare vil då TPO vere nyttig, for at elevane får utvikla intelligensane vidare, etter det nivået dei er på.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Heilt sant at MI-teori kan vere eit godt grunnlag for TPO. Men kva kan du konkret gjere for å ivareta ulike elevar sine ulike intelligensar?

Marianne sa...

Ein kan la elevane arbeide på eit nivå, som er litt høgare enn det dei allereie er på. Matematikkbøker med ulike nivå, innanfor eit tema, er eit døme på dette.

Sissel sa...

Hei Marianne.

Jeg hadde ikke hørt om Gardner før vi hadde om ham forrige uke. Teorien hans om at vi alle har ulike intelligenser, og at vi utvikler og bruker dem på forskjellig måte er en god teori.
I løpet av den siste uken har jeg sett flere eksempler på nettopp dette. Jeg tenker da på drama/norsk oppgaven vi har jobbet med. I vår gruppe kom alle med innspill på hvordan gruppen skulle løse oppgaven. Noen er mer musikalsk/verbal/logisk/kinestetisk osv. enn andre. Dette gjorde at vi fikk satt sammen en god forestilling for klassen ved å utnytte hverandres kompetanse.