mandag 4. mai 2009

Generasjon latskap


På den lokale bensinstasjonen der eg jobbar, har me nokre stamgjestar i frå den ”eldre generasjonen”. Desse gamle damene kjem ofte innom for å fortelje deg siste sladder frå bygdene, og for å klage om kor fælt det er for tida. ”Barn er så frekke og late no, slik var det ikkje før”, seier dei ofte, og kjem med klagene sine på den ”ufyselige, unge generasjonen”. "Generasjon latskap", blir ungdommen kalla i denne syklubben. Med unntak av sine eigne barnebarn, er det i følgje desse damene, ikkje håp.

At desse damene mange gonger overdriv, og i stor grad siktar til den uskyldige gjengen med 14-15- åringar, som drikk cola utanfor stasjonen, er ganske tydeleg. Likevel er det ikkje til å komme vekk i frå at barndommen, og oppveksten til barn, har endra seg mykje dei siste åra.

Å vokse opp inneberar å bli påverka/lært verdiar, kulturarv gjennom mange ulike kanalar (skule, fritidsordningar, media, o.s.v.). Denne prosessen kallar ein gjerne sosialisering, eit utvida begrep for oppdragelse. Barna blir bevisst, og ubevisst, forma til samfunnsmennesker.

Dersom barn er uskikkelige, frekke, og uhøflige, skylder ein gjerne på oppdragelsen, og dermed ofte på foreldra. I følgje norsk lov er det nemleg foreldra som har hovudansvaret for sine barns oppdragelse. I kva grad kan eigentleg foreldra styre sosialiseringsprosessen til barna i dag?

Det er nok ikkje lett, det å vere foreldre i dag. Det er mange krav samfunnet ventar ein skal oppfylle. Ikkje berre skal ein ha veloppdradde, flinke og snille barn, men ein skal også helst ha ein god jobb/karriere samstundes. Dette er nok ikkje alltid like lett å balansere.

Sjølv har eg vakse opp på bygda, med ei heimeverande mor. Karrieren som heimeverande mor varte i 8 år, til 3 av 4 barn hadde starta på skulen. Eg må seie at eg ikkje misunnar ho den jobben… I dag er det heller ikkje vanleg å velje dette yrket.

Samfunnet i dag er organisert slik, at det er vanleg for begge foreldra å vere i arbeid frå barna er ganske små. Resultatet blir at barna er overlatt til barnehage, skule, og SFO, det meste av dagen. Sjølv om ein har barna sine i barnehage eller
SFO, betyr ikkje det at ein er dårlege foreldre, og at barna ikkje får den oppdragelsen dei treng. Men eg trur nok det gjer at foreldra i mindre grad kan påverke sosialiseringsprosessen, og at dei ikkje kan ”overvåke” kva påverkningar, impulsar barna blir utsett for.

I følgje lova skal skulen fungere som ”familiens forlengede arm”. I eit samfunn, der barna tilbringer mykje tid på skule, SFO, barnehage, er derfor kommunikasjonen mellom skulen og foreldra viktig. Dersom lærarane og foreldra samarbeidar godt, vil også sosialiseringsprosessen til barna bli så positiv som mogleg. Då vil kanskje dei gamle damene på stasjonen få mindre og mindre å klage over:)

mandag 16. mars 2009

Leik og Læring



Kva er dine kjekkaste minne frå barneskulen? Det første minnet eg har er frå 6 års gruppa. Me fekk nemleg lov til å leike Løvenes Konge nesten heile dagen! Hula var under kateteret, og eg fekk vere Simba. Vidare i barneskulen hugsar eg godt kor kjekt det var når læraren gav oss fritime. Det betydde at me fekk lov til å leika, og ofte var det slåball eller hinderløypa som var favoritten. Fritimane fekk me som belønning for god arbeidsinnsats den dagen eller veka. Fritimane var noko alle i klassen min såg fram til. Dei var kjekke, og fulle av leik, medan dei ”vanlege” timane var kjedelige, og ”fullstappa” med skulearbeid.

Eg hugsar me var ekstra heldige nokon gonger. Då fekk me nemleg leika i dei ”vanlege” timane også. Den engelske butikken var ein kjekk plass å handla. Av og til fekk eg med meg ei handlelista frå læraren. Me hadde også ein ”matte- butikk”, der me sjølv måtte seie kor mange pengar me skulle ha att.

Eg må innrømme at eg ikkje hugsar nokon av dei ”vanlege” timane frå barneskulen. Kva seier dette? At eg berre leika, og hadde det kjekt heile tida? At leiken var viktigast for meg? At eg gløymer raskt, har dårleg hukommelse?


Leik er ein del av barnekulturen, og er dermed viktig. I skulen trur eg det kan vere lett for å dempe leiken, ein vil at barna skal sitje i ro, og arbeide flittig med oppgåver. Då blir det ro og orden i klasserommet. Leik blir ofte nytta som belønning og ikkje som ein måte å lære. Dette kan også vere ein grunn til at skulen faktisk har vorte kritisert for å ha for mykje leik. Etter mi meining skal det mykje til, før det blir for mykje leik. Leik er ei stor motivasjonskjelde, som lærarar må nytte for det den er verdt. Dersom elevane kan lære gjennom leik, trur eg dei lettare vil få eit eigeforhold til det dei lærar.

Eg meinar ikkje med dette, at skulen burde verta til ein rein ”leikepark”, men at leik kan vere ein god læremetode på lik linje som andre, og at den kan nyttast som ein måte å variere undervisninga på.

I skulen er det ikkje berre faglege ferdigheitar, elevane skal trena opp . Det er også andre, som til dømes sosiale, og kreative. Gjennom leik trenar elevane opp mange av desse ferdigheitene. Sosial kontakt med andre, samarbeid, kommunikasjon, motorikk, kreativitet, og utforsking, er nokon område som leiken ofte krev av barna. Det er altså ikkje utan grunn at vaksne på leiarkurs blir satt til å leike!

Leik er viktig for barn, og eg trur det er lett for vaksen å gløyme ut nettopp kor viktig leiken er. Som Arne Næss var eit godt døme på, sluttar heller ikkje leiken å vere viktig sjølv om ein blir vaksen. Leik er ein naturleg del av det å vere eit barn, og kanskje også eit menneske, og å leike er kjekt. No som me skal ha praksis, satsar eg på å prøve ut leik som metode for læring.

lørdag 28. februar 2009

Vurdering for læring

Å vurdere er ein viktig del av lærarens kvardag, ein omfattande del. Det finnest ulike typar vurdering som elevane har krav på, undervegsvurdering er ein av dei. Som eit svar på vurdering av læring, som har vore vanleg, legg ein no fokus på vurdering for læring. Ein skal ikkje berre stille seg spørsmål som: Kva er bra?, kva er mindre bra, dårleg? Har eleven nådd målet?, men også: Kva kan eleven strekkje seg mot? Kor går vegen vidare?

Vurdering er kanskje den delen av læraryrket eg har minst erfaring med, eller som eg kanskje har tenkt minst over før me kom til det i pensum. Det er også eit av dei emna, eg synest er mest spanande og interessant. Då me hadde førelesninga om vurdering for læring, fekk eg fleire aha- opplevingar. Det var så mykje eg ikkje hadde tenkte på, både om korleis vurderinga var då eg gjekk i grunnskulen, og korleis ein skal vurdere no, i samsvar med kunnskapsløftet.

Det at lærarane må bli betre til å grunngi vurderinga si, med meir utdjupande forklaringar, er eg heilt klart einig i. Dersom eleven skal ha framgang i noko, hjelp det ikkje med vurderingar som berre seier, ”bra arbeid!”, eller ”Du kan betre enn dette”. Kva får eleven ut av slike kommentarar, dersom det ikkje er utdjupa kva/kvifor er bra arbeid, eller kva eleven kan betre?

”Two stars and a wish” konseptet var noko som fanga interessa mi. Det var så enkelt, men likevel så bra. Prinsippet er at ein skal gi to stjerner, tilbakemelding, på kva som er bra ved elevarbeidet, og begrunne det. Etterpå skal ein komme med eit ønske, framovermelding, på kva ein kan arbeide vidare med for å forbetre seg. Eg trur dette kan vere eit godt hjelpemiddel både for lærarar og elevar til vurdering for læring. Ein slags oppskrift ein kan nytte. Det har i alle fall vore nyttig og lærerikt for meg, no når me har prøvd oss litt på slik vurdering.

Det å gi ein god vurdering var vanskelegare enn eg hadde førestilla meg. Då me fekk oppgåva med å vurdere elevteksten frå praksisklassen, tenkte eg eigentleg at det skulle vera ”piece of cake”, enkelt og greit. Då me sat oss ned kom det fort fram at det ikkje var så enkelt. Prinsippet med å finne/begrunne to positive ting ved teksten, og så komme med eit ønske om kva som kunne gjerast betre (two stars and a wish), var enkelt. Problemet var kva me skulle vurdere, kva skulle me fokusere på? Ein kan ikkje rette alt, men må halde seg til kriteriene som var satt for oppgåva (måla). I tillegg var det ei utfordring å skrive vurderinga på eit språk som eleven kunne forstå.

Ting er altså ikkje alltid så lette som dei ser ut til, og å gi gode vurderingar er (for meg) ein utviklingsprosess..øving gjer meister…

onsdag 11. februar 2009

Sjølvoppfatning og Meistring

Korleis forklarar eg det som skjer rundt meg? Korleis forklarar eg mine suksessar og nederlag? Dette er ein del av attribusjonsteorien, som me har lært om denne veka. Attribusjonsteori er ein tolkingsteori: ein tolkar det som skjer rundt seg, og måten ein tolkar på, påverkar personlegdommen og sinnstemninga. Likeins påverkar personlegdommen og sinnstemninga, korleis ein tolkar det som skjer. Desse elementa verkar altså inn på kvarandre, som i ein slags krins.

Me snakka om korleis elevane forklarer sine suksessar og nederlag i skulen. Eg synest dette er eit svært interessant emne. Korleis elevar tolkar det som skjer, har i følgje Imsen (2006), mykje å seie for både motivasjonen, sjølvoppfatninga, og meistringskjensla deira. Eg trur at dette emnet er svært viktig i skulen, men lett å gløyme i lærarens kvardag. Ein lærars oppgåve er å danne og utdanne eleven, ein skal også hjelpe å byggje opp ei god sjølvoppfatning, og motivasjonen eleven til å lære. Dersom me ikkje har fokus på korleis eleven tolkar resultat, og kommentarar han/ho får, trur eg det er vanskeleg å tilpassa opplæringa, slik at eleven kan få ein størst mogleg kvote av meistringskjensle.

Då eg gjekk i 7. klasse, såg eg på gym som eit av dei verste faga. Sjølv om eg var aktiv i både vollyball og fotball på fritida, kjende eg meg dum og dårleg i gymtimen. Læraren eg hadde var ein stor tilhengjar av basketball og handball. Innhaldet i gymtimen, bestod i stor grad av desse idrettane. Eg var ikkje noko spesielt flink i desse idrettane, og kommentarar eg fekk frå læraren som ”bra du var borti ballen”, ”du var flink til å springe”, understreka kjensla eg hadde av å vere dårleg. Dei ”flinke” elevane fekk nye tips på teknikk, medan det å vere borti ballen, verka som å vere lærarens mål for meg. Etter kvart gav eg berre opp, og gjekk inn i den tildelte rolla eg syntest eg hadde fått: ”den dårlege”. Då eg starta i 8. Klasse, fekk me ein ny lærar i gymtimen. Den nye læraren satte opp ein opplegg, der me hadde same idrett/aktivitet i 3-4 gymtimar. Innan kvar idrett vurderte han korleis me presterte, og gav oss hint til korleis me kunne forbetra oss litt. Sjølv om eg ikkje trudde eg hadde evne til å bli flinkare i gym, vart eg motivert av at læraren hadde tru på meg, og gav meg konkrete ting/teknikkar å øve på. Snart var basketball ei av mine yndlingsidrettar.

Eg tolka kommentarane til den første læraren min, som om at eg ikkje hadde evne i idrett, og gav deretter opp. Ein annan elev, kunne kanskje ut frå den same situasjonen, vorte motivert til å vise læraren at han/ho kunne prestere betre. Elevar tolkar på ulike måtar, og handlar ut i frå tolkinga på ulike måtar. Eg trur det er viktig for lærarar å vere merksam på dette. Ein må kjenne elevane sin personlegdom, og ut i frå dette prøve å hjelpe dei å oppnå meistring.

Å klare å tilpasse kommentarar, rettleiing og motivasjon, slik at alle elevane kan føle ei meistringskjensle trur eg nok eg vanskeleg, men det må vere eit mål eg som lærar kan jobbe mot.

torsdag 29. januar 2009

Konstruksjon og design "1-2-3- Fantasi"

Kvifor driv me på med dette her?


Dette var eit spørsmål som lurte rundt i hovudet mitt, då me starta med prosjektarbeidet konstruksjon og design. Gruppa mi, skulle som andre ”Tjødnalio-grupper”, arbeide med arkitektur. Me skulle lage framtidas skule, digitalt og som pappmodell. Kvifor, nei det visste me ikkje heilt. Korleis, skulle me snart få veta.


Etter ei innføring i bruk av dataprogramma Sweet Home 3D, og Google SketchUp, måtte me starta å planleggja. ”Framtidas skule” blei raskt snudd om til vår personlege ”Draumeskule”. Med frie ressursar frå eit framtidig kommunestyre, kom det raskt mange idear og ønskjer fram.
Sidan me allereie hadde knappt med tid, gjekk det ikkje ann å lage 4 draumeskular. Me måtte prøve å få nokre element frå alle, inn i ein felles skule. Det måtte nokre kompromiss, og avstemningar til, før me enda opp med ein felles idé om framtidas skule. Me ville at skulen skulle vere fleksibel, ha god belysning, ein samlingsstad for heile trinnet, og vere tilpassa handikappa.
Ideen fekk form og farge, då me starta å teikna planteikning i Sweet Home 3D. Nøyaktigheit er eit viktig omgrep når ein skal nytte Sweet Home. Er ikkje veggane teikna nøyaktig, blir alt feil. Dette var noko me fekk erfara, men etter litt prøving og feiling, fekk me taket på det, og planteikninga kom på plass. Me hadde ein teikning av korleis me ønskja skulen skulle vera. No trong me berre ein modell, ein papp modell.


Etter ei kort innføring i korleis me burde arbeide med pappen, kunne me setja i gang. Men det var ikkje så enkelt som det høyrtest ut. Det var ei god stund siden nokon av oss hadde arbeida med målestokk, så det tok litt tid før me fann ein målestokk me kunne bruka. Då dette kom på plass, var det berre til å starta å skjere veggar. Etter at me hadde skjert ut alle veggane, fått gangsperr, og funne ut at me aldri skulle skjere i papp igjen, lima me veggane saman. No hadde me fått ein skule, ein modell av den me tidlegare teikna i Sweet home 3D.



Med litt maling, og ”møbler” i tre, kom funksjonen til skulen, og designet meir fram. Me var klar for å skrive fagtekst og lage presentasjon. Då me skreiv fagteksten, og skulle laga eit undervisningsopplegg, tenkte me meir over prosjektet, kva tankar me hadde rundt det, kva me hadde lært, og korleis me kunne vidareføre dette til elevane. Ein av utfordringane i prosjektet var samarbeidet. Alle har sine meiningar og idear, men ein må bli einige. Eg synest det har vore svært lærerikt, og fordi oppgåva var så open som ho var, satte dette ekstra krav til samarbeidet. Me måtte også bli einige om ”rammane” me skulle setje rundt. Oppgåva lærte meg også mykje om prosjektarbeid i seg sjølve, kva ulike fasar ein må gjennom, og kva det krev av planlegging både frå elevane, og lærarane si side.


Å overføra det me sjølve hadde gjort til praksis ved 5 trinn, var vanskeleg. Alle delar av prosjektet var mykje meir tidkrevjande enn me hadde trudd. Å gjere noko av det same med elevane, verka vanskeleg, særskild sidan me ikkje hadde meir enn ein dag. Eg trur me kunne ha fått mykje meir ut av det dersom me hadde hatt betre tid i praksis. Sjølv om me hadde mest lyst til å lage pappmodell med elevane, innsåg me at tida ikkje ville strekkje til. Derfor valte me å fokusere på målestokk. Elevane teikna ein planteikning av eit aktivitetsrom. Dei måtte tenkje på målestokken då dei skulle setje inn møblar, og utstyr. Etter at teikninga var ferdig, fortsatte me utandørs. Me nytta tau til å lage rommet og innreiinga i verkeleg størrelse.


Planen i seg sjølv høyrdest nærast idyllisk ut. Elevane får nytte kreativiteten, samarbeidsevna, og nytte matematikk i ein praktisk samanheng. Det blir somregel aldri sååå idyllisk. Det var ikkje alle som var like motivert til å lage planteikning, når 6. Klasse laga rom i papp rett nedi gangen. Å sjå korleis rommet blei i verkelegheita synest dei fleste var morosamt, og interessant. Ein såg også at elevane fekk ein auka forståing av målestokk, og korleis ein reknar med målestokk. Dette var også eit viktig mål for dagen.


Når eg ser på heile prosjektet ”Konstruksjon og design” som ein heilskap, har eg lært mykje. I starten verka prosjektet litt meiningslaust. Eg visste ikkje heilt kva oppgåva gjekk ut på, eller kvifor me skulle gjere den. Etter som me arbeida med prosjektet, innsåg eg at eg lærte mykje, både om organisering av prosjektarbeid, samarbeid, og om korleis ein kunne nytte digitale verktøy i denne samanhengen. Eg har i tillegg fått sjansen til å fundere over korleis draumeskulen min skulle vere, og lært om kva lover og reglar som gjeld når det kjem til skulebygg.


I eit kort samandrag har det vore eit travelt prosjekt (me gjerne kunne hatt meir tid til), men likevel eit lærerikt prosjekt.

tirsdag 23. desember 2008

Metakognisjon kring blogging

No er det snart jul, og første semester er over for A1. Blogging har vore eit fast innslag i pedagogikkfaget denne hausten. For meg var dette noko eg aldri hadde prøvd ut før.
I starten syntest eg det var vanskeleg å skrive blogginnlegg, men etter som vekene gjekk, fekk eg det meir ”under huda”. Etter kvart har blogginga blitt ein viktig del av læringsprosessen min i pedagogikk. Eg har lært mykje av å skrive innlegg sjølve, kommentarar eg har fått, og ved å lese andre sine bloggar.

Å skrive blogg er for meg ei repetering av det me har vore gjennom av fagstoff. Eg får bearbeida stoffet, og gjort det om til mine eigne ord. Det er emne i pedagogikk som eg synest er vanskeleg å få tak i. Alt er ikkje like enkelt. Bloggen har då vore eit godt hjelpemiddel for meg, ved at ein blir utfordra til å skrive sine tankar om desse emna. På grunn av at eg må skrive bloggen, trur eg at eg tenkjer meir over emnet eg skal skrive om, og då går det nokre gonger opp eit lys for meg.

I tillegg til å skrive eigne blogginnlegg, har me også kommentert andre sine bloggar. Å kommentere er vanskeleg! Eg merkar at eg ikkje er god på dette, og treng trening. Eg synest at å kommentere bloggane til medelevane er ein god måte å trene på. Å kunne gi gode tilbakemeldingar er viktig for ein potensiell lærar, og øving gjer meister.

Eg synest blogginga har fungert bra, og at det har vore greit med ein bestemd blogg ein skal kommentera kvar veke. Synest at emnet me kan skrive om kvar veke, er ope nok. Nokon vil kanskje ha meir fridom rundt kva dei kan skrive om, men for meg er det mest naturleg og relevant, å skrive om noko innanfor det emnet me tek føre oss.

søndag 30. november 2008

Ulike intelligensar

I ein skulesamanheng, der barn er samla for å lære, er det lett å sjå skilnader i kva dei kan. Ulike barn er flinke på ulike områder. Ein er sjeldan flink i alt.

Howard Gardner meinar å ha funne minst 10 ulike intelligensar som menneska har. Han meinar at alle er fødde med alle typane, men at me utviklar, og nyttar dei i ulik grad. 7 av desse intelligenstypane er allmennt godkjendt. Forklarar kort kva dei ulike går ut på:

1) Verbal - Lingvistisk intelligens: går på evna til å lære språk, både munnleg og skriftleg.
2) Logisk - Matematisk intelligens: går på evna til å analysere, rekne, undersøkje.
3) Musikalsk intelligens: går på evna til å vere rytmisk, spele instrument.
4) Spatial intelligens: går på evna til å sjå romlege relasjonar, på det visuelle.
5) Kinestetisk intelligens: går på evna til å bruke kroppen til å løyse eit problem, eller skape eit produkt.
6) Interpersonleg intelligens: går på det sosiale, evna til å sjå andre sine kjensler, ynskjer, behov.
7) Intrapersonleg intelligens: går på evna til sjølvinnsikt, kunne setje seg realistiske mål.

Gardner seier at alle har desse intelligensane, men at kvart individ har utvikla nokre meir enne andre. Dette kan då forklara kvifor me har ulike ferdigheitar i skulen. Alle har kvart sitt "satsingsfelt", og noko dei ikkje har utvikla så mykje. Vidare vil då TPO vere nyttig, for at elevane får utvikla intelligensane vidare, etter det nivået dei er på.