torsdag 29. januar 2009

Konstruksjon og design "1-2-3- Fantasi"

Kvifor driv me på med dette her?


Dette var eit spørsmål som lurte rundt i hovudet mitt, då me starta med prosjektarbeidet konstruksjon og design. Gruppa mi, skulle som andre ”Tjødnalio-grupper”, arbeide med arkitektur. Me skulle lage framtidas skule, digitalt og som pappmodell. Kvifor, nei det visste me ikkje heilt. Korleis, skulle me snart få veta.


Etter ei innføring i bruk av dataprogramma Sweet Home 3D, og Google SketchUp, måtte me starta å planleggja. ”Framtidas skule” blei raskt snudd om til vår personlege ”Draumeskule”. Med frie ressursar frå eit framtidig kommunestyre, kom det raskt mange idear og ønskjer fram.
Sidan me allereie hadde knappt med tid, gjekk det ikkje ann å lage 4 draumeskular. Me måtte prøve å få nokre element frå alle, inn i ein felles skule. Det måtte nokre kompromiss, og avstemningar til, før me enda opp med ein felles idé om framtidas skule. Me ville at skulen skulle vere fleksibel, ha god belysning, ein samlingsstad for heile trinnet, og vere tilpassa handikappa.
Ideen fekk form og farge, då me starta å teikna planteikning i Sweet Home 3D. Nøyaktigheit er eit viktig omgrep når ein skal nytte Sweet Home. Er ikkje veggane teikna nøyaktig, blir alt feil. Dette var noko me fekk erfara, men etter litt prøving og feiling, fekk me taket på det, og planteikninga kom på plass. Me hadde ein teikning av korleis me ønskja skulen skulle vera. No trong me berre ein modell, ein papp modell.


Etter ei kort innføring i korleis me burde arbeide med pappen, kunne me setja i gang. Men det var ikkje så enkelt som det høyrtest ut. Det var ei god stund siden nokon av oss hadde arbeida med målestokk, så det tok litt tid før me fann ein målestokk me kunne bruka. Då dette kom på plass, var det berre til å starta å skjere veggar. Etter at me hadde skjert ut alle veggane, fått gangsperr, og funne ut at me aldri skulle skjere i papp igjen, lima me veggane saman. No hadde me fått ein skule, ein modell av den me tidlegare teikna i Sweet home 3D.



Med litt maling, og ”møbler” i tre, kom funksjonen til skulen, og designet meir fram. Me var klar for å skrive fagtekst og lage presentasjon. Då me skreiv fagteksten, og skulle laga eit undervisningsopplegg, tenkte me meir over prosjektet, kva tankar me hadde rundt det, kva me hadde lært, og korleis me kunne vidareføre dette til elevane. Ein av utfordringane i prosjektet var samarbeidet. Alle har sine meiningar og idear, men ein må bli einige. Eg synest det har vore svært lærerikt, og fordi oppgåva var så open som ho var, satte dette ekstra krav til samarbeidet. Me måtte også bli einige om ”rammane” me skulle setje rundt. Oppgåva lærte meg også mykje om prosjektarbeid i seg sjølve, kva ulike fasar ein må gjennom, og kva det krev av planlegging både frå elevane, og lærarane si side.


Å overføra det me sjølve hadde gjort til praksis ved 5 trinn, var vanskeleg. Alle delar av prosjektet var mykje meir tidkrevjande enn me hadde trudd. Å gjere noko av det same med elevane, verka vanskeleg, særskild sidan me ikkje hadde meir enn ein dag. Eg trur me kunne ha fått mykje meir ut av det dersom me hadde hatt betre tid i praksis. Sjølv om me hadde mest lyst til å lage pappmodell med elevane, innsåg me at tida ikkje ville strekkje til. Derfor valte me å fokusere på målestokk. Elevane teikna ein planteikning av eit aktivitetsrom. Dei måtte tenkje på målestokken då dei skulle setje inn møblar, og utstyr. Etter at teikninga var ferdig, fortsatte me utandørs. Me nytta tau til å lage rommet og innreiinga i verkeleg størrelse.


Planen i seg sjølv høyrdest nærast idyllisk ut. Elevane får nytte kreativiteten, samarbeidsevna, og nytte matematikk i ein praktisk samanheng. Det blir somregel aldri sååå idyllisk. Det var ikkje alle som var like motivert til å lage planteikning, når 6. Klasse laga rom i papp rett nedi gangen. Å sjå korleis rommet blei i verkelegheita synest dei fleste var morosamt, og interessant. Ein såg også at elevane fekk ein auka forståing av målestokk, og korleis ein reknar med målestokk. Dette var også eit viktig mål for dagen.


Når eg ser på heile prosjektet ”Konstruksjon og design” som ein heilskap, har eg lært mykje. I starten verka prosjektet litt meiningslaust. Eg visste ikkje heilt kva oppgåva gjekk ut på, eller kvifor me skulle gjere den. Etter som me arbeida med prosjektet, innsåg eg at eg lærte mykje, både om organisering av prosjektarbeid, samarbeid, og om korleis ein kunne nytte digitale verktøy i denne samanhengen. Eg har i tillegg fått sjansen til å fundere over korleis draumeskulen min skulle vere, og lært om kva lover og reglar som gjeld når det kjem til skulebygg.


I eit kort samandrag har det vore eit travelt prosjekt (me gjerne kunne hatt meir tid til), men likevel eit lærerikt prosjekt.

1 kommentar:

Ann Britt sa...

Innlegget ditt gir ei interessant framstilling av korleis du opplevde å delta i ”skuleprosjektet”.
Me får greitt innsyn i prosessen , både i planlegginga, det praktiske arbeidet og i høve til gruppesamarbeid.

Fint at du skriv om utfordringane ein møter når fleire individ med ulike meiningar skal koma fram til felles løysingar.

Praksisopplegget vart tilpassa den eine dage de hadde til rådvelde, og det ser ut til å ha fungert bra.

Positivt at du opplevde prosjektet som lærerikt.