lørdag 28. februar 2009

Vurdering for læring

Å vurdere er ein viktig del av lærarens kvardag, ein omfattande del. Det finnest ulike typar vurdering som elevane har krav på, undervegsvurdering er ein av dei. Som eit svar på vurdering av læring, som har vore vanleg, legg ein no fokus på vurdering for læring. Ein skal ikkje berre stille seg spørsmål som: Kva er bra?, kva er mindre bra, dårleg? Har eleven nådd målet?, men også: Kva kan eleven strekkje seg mot? Kor går vegen vidare?

Vurdering er kanskje den delen av læraryrket eg har minst erfaring med, eller som eg kanskje har tenkt minst over før me kom til det i pensum. Det er også eit av dei emna, eg synest er mest spanande og interessant. Då me hadde førelesninga om vurdering for læring, fekk eg fleire aha- opplevingar. Det var så mykje eg ikkje hadde tenkte på, både om korleis vurderinga var då eg gjekk i grunnskulen, og korleis ein skal vurdere no, i samsvar med kunnskapsløftet.

Det at lærarane må bli betre til å grunngi vurderinga si, med meir utdjupande forklaringar, er eg heilt klart einig i. Dersom eleven skal ha framgang i noko, hjelp det ikkje med vurderingar som berre seier, ”bra arbeid!”, eller ”Du kan betre enn dette”. Kva får eleven ut av slike kommentarar, dersom det ikkje er utdjupa kva/kvifor er bra arbeid, eller kva eleven kan betre?

”Two stars and a wish” konseptet var noko som fanga interessa mi. Det var så enkelt, men likevel så bra. Prinsippet er at ein skal gi to stjerner, tilbakemelding, på kva som er bra ved elevarbeidet, og begrunne det. Etterpå skal ein komme med eit ønske, framovermelding, på kva ein kan arbeide vidare med for å forbetre seg. Eg trur dette kan vere eit godt hjelpemiddel både for lærarar og elevar til vurdering for læring. Ein slags oppskrift ein kan nytte. Det har i alle fall vore nyttig og lærerikt for meg, no når me har prøvd oss litt på slik vurdering.

Det å gi ein god vurdering var vanskelegare enn eg hadde førestilla meg. Då me fekk oppgåva med å vurdere elevteksten frå praksisklassen, tenkte eg eigentleg at det skulle vera ”piece of cake”, enkelt og greit. Då me sat oss ned kom det fort fram at det ikkje var så enkelt. Prinsippet med å finne/begrunne to positive ting ved teksten, og så komme med eit ønske om kva som kunne gjerast betre (two stars and a wish), var enkelt. Problemet var kva me skulle vurdere, kva skulle me fokusere på? Ein kan ikkje rette alt, men må halde seg til kriteriene som var satt for oppgåva (måla). I tillegg var det ei utfordring å skrive vurderinga på eit språk som eleven kunne forstå.

Ting er altså ikkje alltid så lette som dei ser ut til, og å gi gode vurderingar er (for meg) ein utviklingsprosess..øving gjer meister…

5 kommentarer:

Magnar sa...

Hei.
Vurdering er eg heilt enig i er noe av det vanskeligaste i læraryrket. Så unge og uerfarne vi er, støtter eg ditt synspunkt på at det er mye nytt og mange a-ha opplevelser.
To stars and a wish blir den andre stjerna mi til deg. Fikk skikkelig godt inntrykk av denne formen å vurdere arbeid. Tenk at det kan seiast så enkelt!
Men kva konkrete ting ser du for deg kan skapa problemer for deg i dine første år som lærar når det gjelder vurdering?

Marianne sa...

Hei.
eg trur nok at det å tilpasse vurderinga til den enkelte elev, motivere til vidare arbeid, vil vere ei utfordring. Det blir også viktig for meg å ha måla med oppgåva klart føre meg, slik at eg veit kva eg faktisk skal vurdere.

Steinar sa...

Flott at du har blitt bevisst utfordringar knytta til vurdering. Det er ein god start!

Du peikar også på noko viktig når du skriv at det kan vere vanskeleg å bestemme kva ein skal vurdere ut i frå, altså måla.

Kan du gi eksempel på eitt/to konkrete mål du ser for deg som brukande for norskfaget på ditt praksistrinn? Korleis vil du formulere desse slik at elevane forstår det?

Marianne sa...

Nokre mål for praksisklassen i norsk, er å kunne skilja mellom morsmål og dialekt, og vita kva som er skilnaden. For at elevane skal forstå det kunne eg skrevet det slik:

- Kunne forklare kva morsmål og dialekt er

Steinar sa...

Kor gamle trur du elevane må vere før dei skjønar skilnaden på "morsmål" og "dialekt"? Kanskje "dialekt" på dei minste trinna kan omtalast som for eksempel "snakkespråk"?