onsdag 11. februar 2009

Sjølvoppfatning og Meistring

Korleis forklarar eg det som skjer rundt meg? Korleis forklarar eg mine suksessar og nederlag? Dette er ein del av attribusjonsteorien, som me har lært om denne veka. Attribusjonsteori er ein tolkingsteori: ein tolkar det som skjer rundt seg, og måten ein tolkar på, påverkar personlegdommen og sinnstemninga. Likeins påverkar personlegdommen og sinnstemninga, korleis ein tolkar det som skjer. Desse elementa verkar altså inn på kvarandre, som i ein slags krins.

Me snakka om korleis elevane forklarer sine suksessar og nederlag i skulen. Eg synest dette er eit svært interessant emne. Korleis elevar tolkar det som skjer, har i følgje Imsen (2006), mykje å seie for både motivasjonen, sjølvoppfatninga, og meistringskjensla deira. Eg trur at dette emnet er svært viktig i skulen, men lett å gløyme i lærarens kvardag. Ein lærars oppgåve er å danne og utdanne eleven, ein skal også hjelpe å byggje opp ei god sjølvoppfatning, og motivasjonen eleven til å lære. Dersom me ikkje har fokus på korleis eleven tolkar resultat, og kommentarar han/ho får, trur eg det er vanskeleg å tilpassa opplæringa, slik at eleven kan få ein størst mogleg kvote av meistringskjensle.

Då eg gjekk i 7. klasse, såg eg på gym som eit av dei verste faga. Sjølv om eg var aktiv i både vollyball og fotball på fritida, kjende eg meg dum og dårleg i gymtimen. Læraren eg hadde var ein stor tilhengjar av basketball og handball. Innhaldet i gymtimen, bestod i stor grad av desse idrettane. Eg var ikkje noko spesielt flink i desse idrettane, og kommentarar eg fekk frå læraren som ”bra du var borti ballen”, ”du var flink til å springe”, understreka kjensla eg hadde av å vere dårleg. Dei ”flinke” elevane fekk nye tips på teknikk, medan det å vere borti ballen, verka som å vere lærarens mål for meg. Etter kvart gav eg berre opp, og gjekk inn i den tildelte rolla eg syntest eg hadde fått: ”den dårlege”. Då eg starta i 8. Klasse, fekk me ein ny lærar i gymtimen. Den nye læraren satte opp ein opplegg, der me hadde same idrett/aktivitet i 3-4 gymtimar. Innan kvar idrett vurderte han korleis me presterte, og gav oss hint til korleis me kunne forbetra oss litt. Sjølv om eg ikkje trudde eg hadde evne til å bli flinkare i gym, vart eg motivert av at læraren hadde tru på meg, og gav meg konkrete ting/teknikkar å øve på. Snart var basketball ei av mine yndlingsidrettar.

Eg tolka kommentarane til den første læraren min, som om at eg ikkje hadde evne i idrett, og gav deretter opp. Ein annan elev, kunne kanskje ut frå den same situasjonen, vorte motivert til å vise læraren at han/ho kunne prestere betre. Elevar tolkar på ulike måtar, og handlar ut i frå tolkinga på ulike måtar. Eg trur det er viktig for lærarar å vere merksam på dette. Ein må kjenne elevane sin personlegdom, og ut i frå dette prøve å hjelpe dei å oppnå meistring.

Å klare å tilpasse kommentarar, rettleiing og motivasjon, slik at alle elevane kan føle ei meistringskjensle trur eg nok eg vanskeleg, men det må vere eit mål eg som lærar kan jobbe mot.

5 kommentarer:

Marie sa...

Hei Marianne!

Eg tykkjer det er flott at du brukar eigne erfaringar som eksempel, dette viser at du har evne til å reflektere over slike hendingar. Det er bra at du har med ein del fakta om motivasjon, at du skriv med dine eigne ord betyr at du har forstått det du skriv om=)

I det siste avsnittet ditt skriv du " Å klare å tilpasse kommentarar, rettleiing og motivasjon, slik at alle elevane kan føle ei meistringskjensle trur eg nok eg vanskeleg, men det må vere eit mål eg som lærar kan jobbe mot".

Har du nokon idear om korleis du som lærar kan klare å oppnå dette? Kva faktorar må vere tilstades for at det skal gå an?

Marianne sa...

Hei!
takk for bra tilbakemeld.:)

Ein faktor som eg trur er heilt nødvendig,er at læraren må kjenna elevane sine godt. Eg trur også at det å tilpassa rettleiing, og kommentarar er ein prosess,og at det må litt prøving og feiling til.

Steinar sa...

Attribusjonsteori er eit interessant emne som ikkje så veldig mange andre har tatt tak i.

Du har heilt rett i at elevane sine tolkingar av det som skjer med dei og rundt dei påverkar sjølvbiletet deira, kva dei tenkjer om seg sjølv. Du gir eit godt døme på det med dine basketerfaringar.

I praksis er utfordringa akkurat det du peikar på i avslutninga, korleis skal me klare å tilpasse kommentarar, rettleiing og motivasjon? Har du nokre konkrete idear her?

Marianne sa...

eit døme, er å skrive individuelle, skriftlege tilbakemeldingar. Å tilrettelegge motivasjon krever at ein kjenner eleven, og veit kva interesser han har. Desse interessene (fotball, dans, data, o.s.v.) kan ein nytte i oppgåver for å motivere eleven.

Steinar sa...

Utan tvil ein fornuftig start, det du skisserer her.