søndag 30. november 2008

Ulike intelligensar

I ein skulesamanheng, der barn er samla for å lære, er det lett å sjå skilnader i kva dei kan. Ulike barn er flinke på ulike områder. Ein er sjeldan flink i alt.

Howard Gardner meinar å ha funne minst 10 ulike intelligensar som menneska har. Han meinar at alle er fødde med alle typane, men at me utviklar, og nyttar dei i ulik grad. 7 av desse intelligenstypane er allmennt godkjendt. Forklarar kort kva dei ulike går ut på:

1) Verbal - Lingvistisk intelligens: går på evna til å lære språk, både munnleg og skriftleg.
2) Logisk - Matematisk intelligens: går på evna til å analysere, rekne, undersøkje.
3) Musikalsk intelligens: går på evna til å vere rytmisk, spele instrument.
4) Spatial intelligens: går på evna til å sjå romlege relasjonar, på det visuelle.
5) Kinestetisk intelligens: går på evna til å bruke kroppen til å løyse eit problem, eller skape eit produkt.
6) Interpersonleg intelligens: går på det sosiale, evna til å sjå andre sine kjensler, ynskjer, behov.
7) Intrapersonleg intelligens: går på evna til sjølvinnsikt, kunne setje seg realistiske mål.

Gardner seier at alle har desse intelligensane, men at kvart individ har utvikla nokre meir enne andre. Dette kan då forklara kvifor me har ulike ferdigheitar i skulen. Alle har kvart sitt "satsingsfelt", og noko dei ikkje har utvikla så mykje. Vidare vil då TPO vere nyttig, for at elevane får utvikla intelligensane vidare, etter det nivået dei er på.

fredag 21. november 2008

Det sosiokulturelle perspektivet

Denne veka har me sett på det sosiokulturelle perspektivet.
Det som kjenneteiknar dette perspektivet er at ein meinar all læring er eit resultat av eit eller anna samarbeid (Imsen, 2006).

Dette samarbeidet kan vere alt i frå eit samarbeid mellom elev – forfattar (lesing), til samarbeid mellom elevar. Akkurat no er det mykje snø ut her heime i Vats, og snømåka er dårleg. Dersom eg finn opp ein ny og betre snømåkar, er dette også eit samarbeid i følgje det sosiokulturelle perspektivet. Eg samarbeidar blant anna med dei som har funne opp, eller utvikla snømåka før meg.

Det skal godt gjerast å finne på noko heilt sjølv, i følgje til det sosiokulturelle perspektivet.

Me snakka ein del om Scaffoldning eller stilasbygging i pedagogikk denne veka. For at eg skal kunne lære noko, er det viktig med eit solid stilas som ”held alt oppe”. Det er læraren si oppgåve å sørgje for at dette stilaset er solid nok. Ein kan samanlikne dette stilaset med grunnmuren i eit hus. Utan ein god grunnmur, vil huset kollapse. Likeins er det med læring. Utan eit stilas som held saman det me lærar, vil kunnskapet også kollapse, og bli eit einaste rot.

lørdag 15. november 2008

Kunnskap, ny og gammal

Denne veka har me hatt fokus på konstruktivismen, som seier at kvar og ein av oss konstruerar vår eiga kunnskap (Imsen 2006).

Me diskuterte blant anna Jean Piaget, og teorien hans. Med Piaget sine begrep: mentale skjema, assimilasjon, akkomodasjon, og likevektsprinsipp, er det med ein gong litt lettare å snakke om, det som likevel er så komplisert og abstrakt, nemleg kva som føregår inni hovudet når ein lærar noko.

Det Piaget kallar mentale skjema, kan ein seie er det du kan. Altså det som er lagra inni hovudet som kunnskap. Fleire skjema som er i slekt, blir ”festa saman” til mentale strukturar. Piaget sa i følgje Imsen(2006), at dei mentale skjemaa vart utvikla og utvida i takt med alderen. Dette fekk me sjølv testa ut då Steinar ba oss skrive ned alt me veit om bil.

Då eg var liten var bilen ein ”brum- brum”, eit kjøretøy som berre vaksne fekk nytta, og som var farleg. Etter som eg er vorte eldre, køyrar sjølve og arbeidar på bensinstasjon, har eg fått utvida kunnskapane mine om bil. Det var no mykje eg kopla til ordet bil, alt frå korleis den er satt samen, kva drivstoff som finnest, til kor dei blir laga, til kva dei nyttast til. Eg veit eigentlig utruleg mykje om bil, utan å eigentleg vere klar over det. Kanskje eit døme på lite metakognitiv innsikt på denne området?

I løpet av prosessen, der eg har lært mykje om bil, har eg sannsynlegvis både assimilert og akkomodert ny kunnskap eg har fått. Då eg første gong lærte om bremser på bilen, assimilerte eg det med bremsene eg hadde på sykkelen min. Eg tilpassa den nye kunnskapen om bilbremser, til det eg visste om sykkelbremser. Bilbremser og sykkelbremser fungerte då i mitt hovud på same måte.
Seinare innsåg eg at bremsene på bilen var meir avanserte enn dei eg hadde på sykkelen min. Eg måtte akkomodera, altså endra på den gamle kunnskapen min, om at dei var like, og lage nye skjema.

Piaget seier også noko om at ein må ha ei indre drivkraft for å læra, ein motivasjon, som han kallar likevektsprinsippet. Då eg fann ut at det ikkje kunne vere slik at bilen fungerte likt som sykkelen min, vart det ubalanse. For å rette opp i ubalansen, måtte eg revurdere det eg trudde var rett, og tileigne meg ny kunnskap.

Dette med korleis me lærar, er eit interessant tema, som det kanskje er litt vanskeleg å få heilt taket på. Det er vanskeleg å tenkje korleis ein tenkjer. Kanskje vil me aldri heilt fullt ut forstå det.

torsdag 6. november 2008

Hukommelse - Læring

Hukommelse og læring er to sider av same sak (Imsen, 2005). For å kunne lære, er det naudsynt å hugsa det ein skal læra, og det ein har lært frå før.

Det finnest mange måtar å hugse noko på, mange ulike læringsstrategiar. Weinstein og Mayer, 1986, skiljar mellom tre hovudgrupper av læringsstrategiar:
  1. Repetisjonsstrategiar. Desse strategiane skal passar best til å lære faktakunnsaker. Metodar er pugging og assosiasjonar.
  2. Elaboreringsstrategiar: til djupare bearbeiding. Ein koplar ny kunnskap, saman med det ein kan frå før.
  3. Den siste gruppa er Organisasjonsstrategiar. Desse strategiane går ut på å skape oversikt, struktur, og samanheng i kunnskapen. Metodar som går innanfor her er, å skumlese før ein les i detalj, spørje spørsmål ved stoffet, og å lage tankekart.


Kva for læringsstrategiar som fungerer for kvar einskild, vil variere frå person til person. Kvar og ein av oss må finne ut av kva for strategiar som fungerer for oss, og på kva type læring dei fungerar. Nokon har kanskje også sine heilt eigne, sjølvlaga strategiar, som kan vere vanskelege å forstå for andre.


Å finne fram til læringsstrategiar som fungerar, krev ein viss grad av metakognitiv innsikt. Ein må altså vere bevisst om sine eigne tankar, og tankeprosessar. Ein må lære korleis ein lærar (Imsen, 2005). Mange meinar at denne bevisstheita aukar i takt med alderen. Ein får meir innsikt, jo eldre ein blir. Vil det seie at det er enklare for vaksne å lære på ein effektiv måte, enn det er for barn?


Det er ingen som kan finne ein læringsstrategi for deg, det er noko ein må gjere sjølv. Likevel vil det vere læraren si rolle å hjelpe elevane sine så godt dei kan med dette.


Eg trur det er viktig å lære elevane ulike læringsstrategiar tidleg i skulegangen. Då får dei mest, og best utbytte av dei.


Læraren kan presentera ulike metodar ( tankekart, assosiasjon, pugging, stikkord o.s.v.), og så blir det opp til elevane å velje bort dei som ikkje fungerar for dei, og behalde dei som fungerar. Mange barn har også sine eigen strategiar. Eg trur det er viktig å la dei få utvikle desse vidare, og seinare forkaste dei sjølv, dersom dei blir presentert for andre som fungerar betre.


Å finne ein læringsstrategi som fungerar er viktig, for å få ein effektiv og meiningsfylt læring. Det finnest ingen snarvegar til kunnskap, ein må arbeida, men gode strategiar vil vere til god hjelp i dette arbeidet.