lørdag 28. februar 2009

Vurdering for læring

Å vurdere er ein viktig del av lærarens kvardag, ein omfattande del. Det finnest ulike typar vurdering som elevane har krav på, undervegsvurdering er ein av dei. Som eit svar på vurdering av læring, som har vore vanleg, legg ein no fokus på vurdering for læring. Ein skal ikkje berre stille seg spørsmål som: Kva er bra?, kva er mindre bra, dårleg? Har eleven nådd målet?, men også: Kva kan eleven strekkje seg mot? Kor går vegen vidare?

Vurdering er kanskje den delen av læraryrket eg har minst erfaring med, eller som eg kanskje har tenkt minst over før me kom til det i pensum. Det er også eit av dei emna, eg synest er mest spanande og interessant. Då me hadde førelesninga om vurdering for læring, fekk eg fleire aha- opplevingar. Det var så mykje eg ikkje hadde tenkte på, både om korleis vurderinga var då eg gjekk i grunnskulen, og korleis ein skal vurdere no, i samsvar med kunnskapsløftet.

Det at lærarane må bli betre til å grunngi vurderinga si, med meir utdjupande forklaringar, er eg heilt klart einig i. Dersom eleven skal ha framgang i noko, hjelp det ikkje med vurderingar som berre seier, ”bra arbeid!”, eller ”Du kan betre enn dette”. Kva får eleven ut av slike kommentarar, dersom det ikkje er utdjupa kva/kvifor er bra arbeid, eller kva eleven kan betre?

”Two stars and a wish” konseptet var noko som fanga interessa mi. Det var så enkelt, men likevel så bra. Prinsippet er at ein skal gi to stjerner, tilbakemelding, på kva som er bra ved elevarbeidet, og begrunne det. Etterpå skal ein komme med eit ønske, framovermelding, på kva ein kan arbeide vidare med for å forbetre seg. Eg trur dette kan vere eit godt hjelpemiddel både for lærarar og elevar til vurdering for læring. Ein slags oppskrift ein kan nytte. Det har i alle fall vore nyttig og lærerikt for meg, no når me har prøvd oss litt på slik vurdering.

Det å gi ein god vurdering var vanskelegare enn eg hadde førestilla meg. Då me fekk oppgåva med å vurdere elevteksten frå praksisklassen, tenkte eg eigentleg at det skulle vera ”piece of cake”, enkelt og greit. Då me sat oss ned kom det fort fram at det ikkje var så enkelt. Prinsippet med å finne/begrunne to positive ting ved teksten, og så komme med eit ønske om kva som kunne gjerast betre (two stars and a wish), var enkelt. Problemet var kva me skulle vurdere, kva skulle me fokusere på? Ein kan ikkje rette alt, men må halde seg til kriteriene som var satt for oppgåva (måla). I tillegg var det ei utfordring å skrive vurderinga på eit språk som eleven kunne forstå.

Ting er altså ikkje alltid så lette som dei ser ut til, og å gi gode vurderingar er (for meg) ein utviklingsprosess..øving gjer meister…

onsdag 11. februar 2009

Sjølvoppfatning og Meistring

Korleis forklarar eg det som skjer rundt meg? Korleis forklarar eg mine suksessar og nederlag? Dette er ein del av attribusjonsteorien, som me har lært om denne veka. Attribusjonsteori er ein tolkingsteori: ein tolkar det som skjer rundt seg, og måten ein tolkar på, påverkar personlegdommen og sinnstemninga. Likeins påverkar personlegdommen og sinnstemninga, korleis ein tolkar det som skjer. Desse elementa verkar altså inn på kvarandre, som i ein slags krins.

Me snakka om korleis elevane forklarer sine suksessar og nederlag i skulen. Eg synest dette er eit svært interessant emne. Korleis elevar tolkar det som skjer, har i følgje Imsen (2006), mykje å seie for både motivasjonen, sjølvoppfatninga, og meistringskjensla deira. Eg trur at dette emnet er svært viktig i skulen, men lett å gløyme i lærarens kvardag. Ein lærars oppgåve er å danne og utdanne eleven, ein skal også hjelpe å byggje opp ei god sjølvoppfatning, og motivasjonen eleven til å lære. Dersom me ikkje har fokus på korleis eleven tolkar resultat, og kommentarar han/ho får, trur eg det er vanskeleg å tilpassa opplæringa, slik at eleven kan få ein størst mogleg kvote av meistringskjensle.

Då eg gjekk i 7. klasse, såg eg på gym som eit av dei verste faga. Sjølv om eg var aktiv i både vollyball og fotball på fritida, kjende eg meg dum og dårleg i gymtimen. Læraren eg hadde var ein stor tilhengjar av basketball og handball. Innhaldet i gymtimen, bestod i stor grad av desse idrettane. Eg var ikkje noko spesielt flink i desse idrettane, og kommentarar eg fekk frå læraren som ”bra du var borti ballen”, ”du var flink til å springe”, understreka kjensla eg hadde av å vere dårleg. Dei ”flinke” elevane fekk nye tips på teknikk, medan det å vere borti ballen, verka som å vere lærarens mål for meg. Etter kvart gav eg berre opp, og gjekk inn i den tildelte rolla eg syntest eg hadde fått: ”den dårlege”. Då eg starta i 8. Klasse, fekk me ein ny lærar i gymtimen. Den nye læraren satte opp ein opplegg, der me hadde same idrett/aktivitet i 3-4 gymtimar. Innan kvar idrett vurderte han korleis me presterte, og gav oss hint til korleis me kunne forbetra oss litt. Sjølv om eg ikkje trudde eg hadde evne til å bli flinkare i gym, vart eg motivert av at læraren hadde tru på meg, og gav meg konkrete ting/teknikkar å øve på. Snart var basketball ei av mine yndlingsidrettar.

Eg tolka kommentarane til den første læraren min, som om at eg ikkje hadde evne i idrett, og gav deretter opp. Ein annan elev, kunne kanskje ut frå den same situasjonen, vorte motivert til å vise læraren at han/ho kunne prestere betre. Elevar tolkar på ulike måtar, og handlar ut i frå tolkinga på ulike måtar. Eg trur det er viktig for lærarar å vere merksam på dette. Ein må kjenne elevane sin personlegdom, og ut i frå dette prøve å hjelpe dei å oppnå meistring.

Å klare å tilpasse kommentarar, rettleiing og motivasjon, slik at alle elevane kan føle ei meistringskjensle trur eg nok eg vanskeleg, men det må vere eit mål eg som lærar kan jobbe mot.