mandag 16. mars 2009

Leik og Læring



Kva er dine kjekkaste minne frå barneskulen? Det første minnet eg har er frå 6 års gruppa. Me fekk nemleg lov til å leike Løvenes Konge nesten heile dagen! Hula var under kateteret, og eg fekk vere Simba. Vidare i barneskulen hugsar eg godt kor kjekt det var når læraren gav oss fritime. Det betydde at me fekk lov til å leika, og ofte var det slåball eller hinderløypa som var favoritten. Fritimane fekk me som belønning for god arbeidsinnsats den dagen eller veka. Fritimane var noko alle i klassen min såg fram til. Dei var kjekke, og fulle av leik, medan dei ”vanlege” timane var kjedelige, og ”fullstappa” med skulearbeid.

Eg hugsar me var ekstra heldige nokon gonger. Då fekk me nemleg leika i dei ”vanlege” timane også. Den engelske butikken var ein kjekk plass å handla. Av og til fekk eg med meg ei handlelista frå læraren. Me hadde også ein ”matte- butikk”, der me sjølv måtte seie kor mange pengar me skulle ha att.

Eg må innrømme at eg ikkje hugsar nokon av dei ”vanlege” timane frå barneskulen. Kva seier dette? At eg berre leika, og hadde det kjekt heile tida? At leiken var viktigast for meg? At eg gløymer raskt, har dårleg hukommelse?


Leik er ein del av barnekulturen, og er dermed viktig. I skulen trur eg det kan vere lett for å dempe leiken, ein vil at barna skal sitje i ro, og arbeide flittig med oppgåver. Då blir det ro og orden i klasserommet. Leik blir ofte nytta som belønning og ikkje som ein måte å lære. Dette kan også vere ein grunn til at skulen faktisk har vorte kritisert for å ha for mykje leik. Etter mi meining skal det mykje til, før det blir for mykje leik. Leik er ei stor motivasjonskjelde, som lærarar må nytte for det den er verdt. Dersom elevane kan lære gjennom leik, trur eg dei lettare vil få eit eigeforhold til det dei lærar.

Eg meinar ikkje med dette, at skulen burde verta til ein rein ”leikepark”, men at leik kan vere ein god læremetode på lik linje som andre, og at den kan nyttast som ein måte å variere undervisninga på.

I skulen er det ikkje berre faglege ferdigheitar, elevane skal trena opp . Det er også andre, som til dømes sosiale, og kreative. Gjennom leik trenar elevane opp mange av desse ferdigheitene. Sosial kontakt med andre, samarbeid, kommunikasjon, motorikk, kreativitet, og utforsking, er nokon område som leiken ofte krev av barna. Det er altså ikkje utan grunn at vaksne på leiarkurs blir satt til å leike!

Leik er viktig for barn, og eg trur det er lett for vaksen å gløyme ut nettopp kor viktig leiken er. Som Arne Næss var eit godt døme på, sluttar heller ikkje leiken å vere viktig sjølv om ein blir vaksen. Leik er ein naturleg del av det å vere eit barn, og kanskje også eit menneske, og å leike er kjekt. No som me skal ha praksis, satsar eg på å prøve ut leik som metode for læring.